Oppgåve

Oppgåve: Olympisk genserdesign

Publisert: 05.02.2014, Oppdatert: 05.03.2017

OL-genseren, Sapporo 1972. Foto.I 1956 pynta dei norske OL-deltakarane seg for første gong i spesialdesigna norsk strikk. Sidan den gongen har OL-genseren vore eit fast innslag både blant utøvarane og publikummarane.

I denne oppgåva skal du designe forslag til OL-genseren i 2018. Vinter-OL skal i 2018 arrangerast i Pyeongchang i Sør-Korea, noko som er utgangspunktet til denne oppgåva.

Oppgåve – designprosess:

  1. Lag deg eit inspirasjonsark der du finn bilete av tidlegare OL-genserar. Skriv gjerne ned stikkord om element som du meiner går igjen.
  2. Lag minimum tre ulike skisser til nytt design på OL-genseren der du vektlegg element og fargar som du vil bruke.
  3. Teikn designen du bestemmer deg for å bruke, for hand eller på data. Bruk fargar, og ver nøye med presentasjonen.
  4. Presenter forslaget ditt for klassen. Sei noko om kva som inspirerte deg, og kvifor du har gjort dei ulike vala undervegs.
  5. Heng opp dei ulike forslaga i klasserommet og sjå på dei saman. Er det element og fargar som går igjen? Er det noko som skil seg ut?
Relatert innhald

Aktuelt stoff for

Aktuelt stoff