Fagstoff

Immunsystemet

Publisert: 22.01.2014, Oppdatert: 02.10.2017
Spredning av smitte ved nysing

Immunsystemet (erverva immunitet) kan både gjere oss friske frå infeksjonar og hindre at vi får den same sjukdommen fleire gonger.

Har du hatt meslingar, får du det ikkje igjen, og er du vaksinert mot stivkrampe, så er du godt beskytta i mange år. Viss du derimot har vore forkjølt, betyr det dessverre ikkje at du aldri blir forkjølt igjen, fordi det stadig dukkar opp nye virus som vi ikkje er immune mot.

Samanlikning av storleiken på virus, bakteriar og celler. Illustrasjon.Samanlikning av størrelsen på virus, bakteriar og celler. Legg merke til at du må gonge størrelsen med 10 når du flytter ein kolonne mot høgre. 

Gule bakteriekolonier danner formen til et handavtrykk på rød agar.Bakterievekst etter handavtrykk på vekstmedium.  

Bilde av en tenåring som nyser slik at dråpeskyen vises tydelig.Dropesmitte. Når ein forkjølt person nys, kan virus spreie seg til andre som pustar inn denne lufta. 

Rød og hoven hals med store mandler.Hovne mandlar ved halsbetennelse viser ein kraftig immunreaksjon. 

Forkjølet tenåring med papir i nesa.Influensa – sjuk jente med hovudpine og papir i nasen mot rennande snørr.

Kva er ein infeksjon?

Når ein sjukdomsframkallande mikroorganisme invaderer kroppen, kallar vi det ein infeksjon. Dei mest kjende sjukdomsberarane er virus og bakteriar, men vi har òg andre, Interaktivitet om bakterier.Bakteriar til nytte og skade. som sopp, mikro- og makroparasittar.

I tillegg har vi ei mengd "snille" mikroorganismar i og på kroppen, men det blir rekna som den naturleg sunne tilstanden og er ikkje ein infeksjon.

Smitte

Smitte betyr at mikroorganismane som fører til sjukdom, kjem seg over frå ein person til ein annan. Dropesmitte vil seie at smitten finst i spytt, og at dei små dropane som blir danna ved hosting, overfører smitte når dei blir pusta inn av ein annan person. Nysing er ein effektiv smittespreiar!En person ligger syk med bøtte ved senga.”Omgangssjuke” kjem av virus og smittar veldig lett, gjerne ved direkte eller indirekte hudkontakt eller ved dropesmitte.På same måten vil smitte kunne overførast dersom folk et utan å vaske hendene etter for eksempel handhelsing. Typiske eksempel på sjukdommar som blir overførte med dropesmitte, er virussjukdommar som influensa og vanleg forkjøling.

Somme sjukdommar blir overførte seksuelt, slik som gonoré, klamydia og HIV.


Epidemiar – pandemiar

Viruspartikler med verdenskart i bakgrunnen. Ein pandemi er ein infeksjonssjukdom som rammar menneske eller dyr over eit stort geografisk område.
Eksempler: tuberkulosesvartedauden og fugleinfluensa.

Immunrespons

Når vi får ein infeksjon, er det ofte ikkje sjølve infeksjonen vi merkar, men immunreaksjonen. Ein immunreaksjon kan føre til inflammasjon (betennelsesreaksjon), det vil seie at eit område på kroppen hovnar opp, blir raudt og blodfylt og gjerne varmt og ømt. Bilde av betent øreflipp med ørering.Betent øyreflipp.Når immunapparatet har oppdaga ein infeksjon og set i gang kraftige prosessar for å ta livet av inntrengjaren, sender det ut signal som gjer at blodårene slepper gjennom blodplasma og kvite blodceller. Spesielle signalstoff kan hindre virus i å formeire seg ved å stoppe proteinsyntesen i dei sjuke cellene. Viss vi i tillegg får feber, blir livet endå vanskelegare for mikroorganismane.

Jente som klemmer på kvise.  Når ei kvise blir raud og hoven, skjer det på grunn av ein inflammasjon. Den gule prikken som kjem i midten, er verk (puss) som består av daude kvite blodceller som kroppen vil kvitte seg med. Klemmer ein på ei kvise, er sjansen stor for at ein skader vevet og forstyrrar heilingsprosessen.

Relatert innhald