Oppgåve

Privat 2.0

Publisert: 08.01.2014, Oppdatert: 15.06.2018

Er det rett at økt deltakelse på Internett vil innebære å oppgi store deler av sitt privatliv og personvern"? Dette og andre spørsmål diskuterer Petter Bae Brandtzæg, forskar ved Sintef og ein av våre fremste fagfolk på feltet barn og Internett.

Petter Bae BrandtzægPetter Bae BrandtzægPetter Bae Brandtzæg (1969– ) er forskar ved Sintef og ein av våre fremste fagfolk på feltet barn og Internett. Han har doktorgrad i medievitskap og mastergrad i psykologi.

Teksten er tidlegare publisert på nettstaden deltemeninger.no med lisens Creative Commons – Navngivelse-Del på samme vilkår.

Les internettartikkelen Privat 2.0 av Petter Bae Brandtzæg og før du svarar på spørsmåla.

Spørsmål til teksten

  1. Korleis har internettbruken i Noreg endra seg dei siste åra? Gi nokre konkrete døme.
  2. Korleis har skiljet mellom kva som er privat og kva som er offentleg, endra seg i takt med internettbruken?
  3. Kva grunngir forfattaren av teksten følgjande utsegn med: "... økt deltakelse på Internett vil innebære å oppgi store deler av sitt privatliv og personvern"?
  4. Kva tyder "privat 2.0"?
  5. Kva for skrekkscenario knytt til personopenheit på Internett viser teksten til?
  6. Kvifor vart Internettet hylla tidleg på nittitalet?
  7. Kva for utfordringar er knytt til anonym kommunikasjon?
  8. Kva handlar "deindividualisering" om?
  9. Gi døme på korleis kommunikasjon i nettsamfunn har endra seg til å verte rikare og meir interaktiv.
  10. Kva for fire sentrale kjenneteikn på den nye forma for nettkommunikasjon viser nettsamfunnsforskaren Danah Boyd til?
  11. Kva går den nye trenden i sjølvpresentasjon på Internett som vert presenteret i denne artikkelen, ut på?
  12. Kva for pådrivarar for større openheit skriv Brandtzæg om i "Privat 2.0"?
  13. List opp spelereglane for den nye nettoffentlegheita som vert omtalt i artikkelen.
  14. Kva vil det seie å vere "nettsmart"?
  15. Kvifor kan det vere problematisk at ny teknologi blandar element frå personkommunikasjon og massekommunikasjon?
  16. Gjer greie for nokre fordelar ved å vere synleg på nettet og bruk av sosiale nettverk i nettsamfunnet.
  17. Kva to døme som kastar lys over anonym versus open åtferd på Internett, skildrar Brandtzæg frå eiga forsking i denne artikkelen?
  18. Korleis skil ofte anonyme brukarar seg frå identifiserberre brukarar på nett?
  19. Kvifor er personopenheit på nettet vanskeleg om temaet handlar om psykiske problem, seksualitet og mishandling?
  20. Korleis skil anonymbaserte nettsamfunn seg frå personopne nettsamfunn som ein arena for trakassering?
  21. Kva ligg i omgrepet "grooming"?
  22. Kvifor er det sjeldan eit problem å kople kallenamn og rett namn saman når det gjeld korleis barn og unge står fram på nettet?
  23. Kva grunngir Brandtzæg følgjande utsegn med: "... som en hovedregel må barn og unge læres opp til å være seg selv i sin omgang på nettet"?
  24. Korleis konkluderer forfattaren med omsyn til dei nettreglane vi har i dag?