Oppgåve

Oppgåver til tekstutdraget frå Hanseatene

Publisert: 07.01.2014, Oppdatert: 05.03.2017

Oppgåve

Les tekstutdraget frå romanen Hanseatene, eventyret om «Rødhette og ulven» og folkevisa «Liti Kjersti». Tekstane finn du under «Relatert innhald» nedst på sida.

Bryggen i Bergen.  

Oppgåve 1

  1. Kor går handlinga i tekstutdraget føre seg?
  2. Elisabeth bestemmer seg for aldri å gå attende til smia. Kvifor?
  3. Kvifor klarer ho ikkje å springe frå han som forfølgjer henne?
  4. Kven er Elisabeth saman med?
  5. Elisabeth spring heim til huset far hennar har på allmenningen. Kvifor spring ho nett dit?
  6. Då Elisabeth kjem til farens hus, er ikkje alt som det plar vere. Kva er annleis?
  7. Kven er Magdalena?
  8. Kva skjer når Anne og Elisabeth går ut for å leite etter Svein Dreng?
  9. Korleis reagerer Svein då han ser at Elisabeth er med Anne? Kvifor trur du han reagerer slik?
  10. Korleis oppfører Anne seg på kontorområdet?
  11. Kven er Arnulf? Lag ei skildring av han.
  12. Kva seier Magdalena Elisabeth skal når ho ikkje syr?
  13. Kvifor høyrer Elisabeth på Magdalena?
  14. Lag ei skildring av faren til Elisabeth.
  15. Mora til Elisabeth og Marie var annleis enn Magdalena. På kva måte?

 

Oppgåve 2

  1. Kven var hanseatane?
  2. Kva for tidsperiode er handlinga i denne romanen lagd til?
  3. Kva for verkemiddel bruker forfattaren for å tidfeste forteljinga til nett denne perioden?
  4. Kva er det som gjer at vi likevel forstår at teksten er skriven i vår tid?
  5. Romanserien Hanseatene består av 24 bind som vart gitte ut på Bladkompaniet i perioden 1991–1994. Denne typen litteratur vert ofte kalla «kiosklitteratur». Kva har dette utdraget frå Alvers roman felles med andre bestseljarar innan denne sjangeren?

 

Oppgåve 3

Mange folkediktingstekstar handlar om unge, uskuldig jenter som vert lokka eller truga av vonde krefter. Samanlikn udraget frå Hanseatene med folkevisa «Liti Kjersti» og eventyret «Rødhette og ulven».
  1. Kven er det som forsøkjer å lure den uskuldige jenta i dei tre tekstane?
  2. Korleis reagerer jentene på det dei vert utsette for?
  3. Kva for førestillingar om jenter og seksualitet er felles for desse tre tekstane?
  4. Diskuter i klassen: Er jenter meir uskuldige enn gutar i vår tid?

 

Relatert innhald

Generelt