Oppgåve

Oppgåver til tekstutdraget frå Nielvsdalen

Publisert: 06.01.2014, Oppdatert: 05.03.2017

Ulveflokk (Canis lupus)  

Oppgåve 1

Les tekstutdraget frå romanen Nielvsdalen av Liv Margrete Alver. Teksten finn du under "Relatert innhald" nedst på sida.

  1. Kva har skjedd med Stein og alle andre menn i bygda?
  2. Kva bestemmer mennene seg for å gjere?
  3. Kven er Torkvin, og kvifor ønskjer mennene han død?
  4. Beskriv landskapet opptoget går gjennom.
  5. Kven møter mennene ved den brusande kjelda?
  6. Kva befaler jenta dei å gjere, og kvifor?
  7. Mens mennene sit ved kjelda set ein av ungguttane i eit skrik. Kvifor?
  8. Kva skjer med ulvane når Driva skvett vatn på dei?
  9. Kva seier Yrsa til Stein?
  10. Kven ser Stein og følgjet hans komme ut av smia?
  11. Kva seier Driva til Stein om det han ser?
  12. Beskriv kampen mellom draugane, mennene og ulvane.
  13. Korleis klarer mennene å få draugane unna?
  14. Korleis endar tekstutdraget?

 

Oppgåve 2

  1. I folkediktinga finn vi mange forteljingar om menneske i dyreham. Les eventyret Kvitebjørn kong Valemon. Teksten finn du under "Relatert innhald" nedst på sida. Kven er det som har kasta bjørneham over kongen, og korleis vert denne tilstanden oppheva?
  2. Kva for likskapar finn du mellom utdraget frå romanen Nielvsdalen og dette eventyret?
  3. Kva er ein draug?
  4. Les segna Draugen og daudingane i Lurøy. Teksten finn du under "Relatert innhald" nedst på sida. Kva for likskapar finn du mellom utdraget frå romanen Nielvsdalen og denne segna?
  5. Kva har tekstane Kvitebjørn kong Valemon, Draugen og daudingane på Lurøy og romanen Nielvsdalen felles når det gjeld måten dei oppfattar røyndomen på?
  6. I moderne fantasilitteratur møter vi ofte mytiske skapningar og personar med overnaturlege eigenskapar. Kva trur du grunnen kan vere til at slik litteratur er så populær blant unge lesarar i dag?

 

Oppgåve 3

  1. Samanlikn tekstutdraget frå romanen Nielvsdalen med dei fem første sidene i den islandske ættesoga Soga om Gunnlaug Ormstunge.
  2. Kva for likskapar finn du mellom måten personane i forteljingane opptrer på?
  3. Kva for språklege likskapar finn du mellom desse to forteljingane?
  4. Kva for markante forskjellar er det i måten historiene vert fortalt på?

 

Relatert innhald