Oppgåve

Oppgåver til teksten Frå sogespel til valkyriesong

Publisert: 06.01.2014, Oppdatert: 05.03.2017

Oppgåve

Les Solveig Aareskjold sin tekst Frå sogespel til Valkyriesong. Teksten finn du under "Relatert innhald" nedst på sida. Svar på spørsmåla nedanfor.

tre kvinner i kjeledress med verktøy  

  1. Les teksten Frå sogespel til valkyriesong av Solveig Aareskjold. Kva for tankar gjer forfattaren seg i ingressen om dei kvinnene menn føretrakk i vikingtida?
  2. Kva er det som ergrar forfattaren av teksten då hun ein sommarkveld i 2006 sitt på tribuna og ser eit spel om Erling Skjalgsson på Sola?
  3. Les om Gyda i Soga om Harald Hårfagre på s. 14 – 15 i den digitale boka Snorre for ungdom. Korleis opptrer Gyda då hun møter kongen, og korleis reagerer kongen på denne åtferda?
  4. Korleis blir den stolte Gyda portrettert i det historiske spelet om Harald Hårfagre?
  5. Kva fekk forfattaren til å gå i gang med eit omfattande leseprosjekt?
  6. Kva påviste ho gjennom tekstskrivinga si som ho fekk mykje motbør for?
  7. Kva for andre land peikar forfattaren på der det har vore ein tradisjon for å kle seg i gamle kostyme og leike at ein er farlege krigarar ein gong for lenge sida?
  8. Kva kunne vore resultatet dersom maurarane ikkje hadde gitt opp ekspansjonen nordover etter slaget ved Tours i 732, men halde fram til dei møtte vikingane på veg sørover, i følgje forfattaren?
  9. Kva tyder, etter forfattaren si meining, på at kulturen i nord kan ha vore like avansert som kulturen i sør?
  10. Kva var målet med opphaldet forfattaren hadde på Island?
  11. Kva for erfaring får forfattaren til å sjå det heile i eit anna perspektiv?
  12. Kva meiner forfattaren er forskjellen mellom æresdrap i norrøn tid og æresdrap i enkelte muslimske kulturar i vår tid?
  13. Kva er ei valkyrje?
  14. Slå opp i boka Niblungen-eposet i Språk- og litteraturhistorisk tidslinje. Dette heltediktet bygger på ei segn frå folkevandringstida. Kva for eigenskapar tillegg segna burgundarprinsessa Brünhild?
  15. Korleis trur du menn i vår tid ville ha reagert på ei kvinne som Brünhild?
  16. Korleis skildrar Aareskjold den moderne norske mannen, og tilhøvet mellom menn og kvinner i Noreg i dag?
  17. Diskuter denne påstanden i klassen:
    "Mennene i vår tid er meir tandre av seg, og kvinnene må stadig passa på at dei ikkje tek sjølvtilliten frå dei."

 

Relatert innhald

Generelt