Hopp til innhald

Fagstoff

Hovudmåtane å lage til grønsaker på - bresert, dampa og dunsta (smørdampa)

Her skal vi sjå ulike hovudmåtar å laga grønnsaker på.

Hovudmåtane å lage til grønsaker på

  • bresert
  • dampa
  • dunsta (smørdampa)
  • farsert
  • fritert
  • glasert
  • gratinert
  • kokt
  • puré
  • stua
  • steikt i panne og på grill.

Bresering

Gjer som vist på illustrasjonen. Kjelen skal stå i omnen til grønsakene er møre. Skal vi bresere kål, dekkjer vi sidene i kjelen med tynne spekkskiver.

Bresering
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dampkoking

Metode I

Bruk dampeprogrammet på kombidampar.

Metode II

Bruk ein kjele med rist. Legg grønsakene på rista og fyll vatn til oppunder rista. Legg på lokk. Vatnet må koke heile tida for at det skal bli nok damp. Når grønsakene er passe møre, kan du ta dei opp og eventuelt tilsetje salt.

Damping
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dunsta (smørdampa)

Det er ofte sesongvarer, dei første grønsakene det året, vi dunstar (smørdampar).

  • Del opp grønsakene i mindre stykke og legg dei i ein kjele med vid, tjukk botn saman med litt smør og salt. Rør forsiktig rundt i kjelen. På dette stadiet må kjelen stå på svak varme for at smøret ikkje skal begynne å bli brunt.
  • Under varmepåverknaden tek grønsakene til å skilje ut væske. Det er denne væska som saman med smøret dannar dampen som koker grønsakene møre.
  • Kjelen må derfor dekkjast med eit tettsluttande lokk, slik at vi kan ta vare på dampen. Varmen må vere middels under kokeprosessen. Dersom varmen er for sterk, vil sukkerstoff frå grønsakene bli karamellisert på botnen av kjelen.
  • Væska frå grønsakene skal helst vere fordampa når grønsakene er møre. Då har temperaturen og væskemengda vore rett.
Smørdamping
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Ketil Lyngvær.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Grønsaker