Oppgåve

It's alive! – Frankensteins monster

Publisert: 19.12.2013, Oppdatert: 05.03.2017

 

Boris Karloff som Frankensteins monsterBoris Karloff som Frankenstein-monsteret  

Klipp frå filmen Frankenstein (1910) 

 

 

Filmen i 1931-utgåve:

 

 

 

 

Frankenstein Trailer 1994 

 

 

Når menneske leikar Gud

I 1818 gav den britiske forfattaren Mary Shelley (1797–1851) ut grøssarromanen Frankenstein. Romanen har seinare vorte filmatisert fleire gonger. Vi møter vitskapsmennene Watson og Frankenstein. Medan målet til Watson er å komme først til Nordpolen, har Frankenstein eit ikkje mindre ambisiøst mål – han vil skape liv!

Han konstruerer ein kropp med delar frå døde menneske, og når han sender elektrisitet gjennom kroppen, vaknar skapningen til liv. Fort viser det seg at skapningen Frankenstein har laga, er vanskeleg å styre. Han har skapt eit monster som krev meir og meir av skaparen sin – til slutt går monsteret til åtak og drep folk som Frankenstein er glad i.

Kritikk av det moderne prosjektet

Mary Shelley henta inspirasjon til forteljinga si frå vitskapelege studium først på 1800-talet. Då hadde nemleg ein forskar forsøkt å gjenopplive froskar ved hjelp av elektriske impulsar. Romanen åtvarar om korleis det kan gå når vitskapsmenn forsøkjer å "leike Gud".

På den måten problematiserer romanen også framstegstanken i det moderne prosjektet. Er alle framsteg gode? Kan den menneskelege tråa etter stadige vitskapelege og tekniske framsteg slå tilbake på oss sjølve? Kva for ansvar har menneska for sine eigne oppfinningar?

Indirekte vert også fornuftstanken i det moderne prosjektet kritisert. Både Frankenstein og Watson går nærast over lik for å få gjennomført dei vitskapelege prosjekta sine. Er mennesket si jakt på stadig meir innsikt og kunnskap vegen til lykke? Som romantikar var Shelley kritisk til korleis sivilisasjonen fjerna menneska meir og meir frå det som vart sett på som den naturlege tilstanden for dei – nemleg eit liv i pakt med naturen.

Oppgåver

 

 

Oppgåve 1

Sjå klippet Mary Shelley's Frankenstein summary og svar på spørsmåla:

  1. Vitskapsmannen Watson oppdagar to menn på slede i Arktis. Kven er dette?
  2. Kvifor forlèt Frankenstein skapningen han har laga?
  3. Korleis vil du beskrive skapningen Frankenstein har laga?
  4. Korleis vert han motteken av folk når han forlèt laboratoriet?
  5. Korleis lærer monsteret til Frankenstein seg språk og kultur?
  6. Korleis vil du beskrive forholdet Frankenstein har til den skapningen han har laga?
  7. Kvifor drep skapningen til Frankestein venene og familien hans?
  8. Kvifor vil monsteret at Frankenstein skal lage ein kvinneleg skapning til han?
  9. Kva er tema og bodskap i romanen?
  10. Kva er det som gjer Frankenstein-monsteret vondskapsfullt? Er det vondt av natur, eller er det kulturen, altså erfaringar og hendingar, som gjer han vond? Diskuter.
  11. Finn Frankenstein lykka i dei vitskapelege studia?
  12. Kva syn hadde romantikarane på sivilisasjon og utvikling? Korleis kjem dette til uttrykk i romanen?

 

Oppgåve 2

Sjå klippet frå filmatiseringa av Frankenstein og svar på spørsmåla:

  1. Kva fortel Frankenstein om forarbeidet til eksperimentet sitt?
  2. Kva for stemning er denne scenen prega av?
  3. Kvifor trur du forfattaren og filmskaparen har valt eit slikt miljø og ei slik stemning?
  4. "Now I know how it feels like to be God", utbryt Frankenstein då han har vekt skapningen til live. Kvifor trur du dette er eit viktig sitat frå boka?

Oppgåve 3

Les fagteksten Skrekkfilm. Denne teksten finn du under "Relatert innhald" nedst på sida.

  1. Kva kjenneteiknar monstra i skrekkfilmar?
  2. Skrekkfilmar fortel mykje om kva menneske er redde for i ulike kulturar. Kvifor vert Frankenstein-monsteret oppfatta som trugande på den tida den første Frankenstein-filmen vart laga?
  3. Samanlikn dette monsteret med "monstra" i eit par moderne skrekkfilmar. Kva kjenneteiknar monstra i vår tid, og korleis skil dei seg frå Frankenstein-monsteret?
  4. Kvifor er vi redde for nett slike "monster" i dag?
  5. Kva har "monstra" i vår tid felles med monstra vi kjenner frå norske eventyr, segner og folkeviser?

 

 

Relatert innhald