Oppgåve: Drøfte

Eg veit eitt som aldri døyr

Publisert: 19.12.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Utdrag frå Håvamål

76.
Døyr fe;
døyr frendar;
døyr sjølv det same.
Men ordet um deg
aldri døyr
vinn du eit gjetord gjævt.

 

77.
Døyr fe;
døyr frendar;
døyr sjølv det same.
Eg veit eitt
som aldri døyr,
dom um daudan kvar.

 

Oppgåve

Les tekstane Nekrolog over Eva Haddeland som du finn under "Relatert innhald" nedst på sida, og utdraget frå Håvamål i spalteteksten. Svar deretter på spørsmåla nedanfor:

Trafikkoffer

  1. Utdraget frå Håvamål skildrar det ærefulle ettermælet. I kva grad har Alexander Gjersøe bidrege til Eva Haddeland sitt ettermæle? Grunngi svaret ditt.
  2. I norrøn tid var det svært viktig å få eit ærefullt ettermæle. Kva var grunnen til det? Er det like viktig for oss i dag?
  3. Vil du seie at Eva Haddeland sitt ettermæle er ærefullt slik ho kjem fram i nekrologen til Alexander Gjersøe? Grunngi svaret ditt.
  4. Kvifor trur du Alexander Gjersøe har valt å skrive ein nekrolog over Eva Haddeland?
  5. I dag er det vanleg å opprette minnegrupper på Facebook. Studer dei kommentarane som vert lagde inn på slike minnesider. Kva for eigenskapar ved avdøde vert trekte fram der?
  6. Kva for verdiar sett du høgst hos deg sjølv? Korleis ville du ønskje at andre skulle formidle desse verdiane dersom dei skulle skrive ein tekst om deg og livet ditt?

 

Relatert innhald