Oppgåve: Drøfte

Samanlikn skapingsmytar

Publisert: 11.12.2013, Oppdatert: 29.05.2019

I denne oppgåva skal du forklare kva ein myte er, samanlikne ulike skapingsmytar og utforske ein spesiell myte om korleis alt er blitt til. Vel éi eller fleire deloppgåver.

Gnister fra to elektroder. Foto.  

Oppgåve 1

Samanlikn den bibelske skapelsesberetningen, den samiske skapelsesberetningen og den norrøne skapelsesberetningen .

  1. Kva er ein myte, og kvifor bruker vi omgrepet mytar om desse skapingsforteljingane?
  2. Kva eksisterer før skapingsprosessen startar i dei tre mytane?
  3. Kva eller kven er det som set skapingsprosessen i gong?
  4. Korleis blir menneska til i dei tre forteljingane?
  5. Kva har dei tre mytane til felles?
  6. Den bibelske skapingsforteljinga blei til i Midtausten, mens den norrøne og den samiske skapingsforteljinga blei til på den nordlege halvkula. Peik på trekk i forteljingane som er kulturbestemte eller naturbestemte.

Oppgåve 2

I fagartikelen om skapingsmytar, i Store norske leksikon på nett og i Wikipedia kan du lese om ulike skapingsmytar.

  1. Kva er hovudforskjellen mellom skapingsmytane i hinduismen og dei skapingsmytane som har opphavet sitt i Midtausten og Europa?
  2. Kva fortel sumeriske skapingsmytar om korleis verda blei til?
  3. Kva fortel egypiske skapingsmytar om korleis verda blei til?
  4. Kva fortel babylonske skapingsmytar om korleis verda blei til?
  5. Er det noko i desse forteljingane som du kjenner att frå dei bibelske skapingsmytane?
  6. Korleis blei verda til ifølgje gresk mytologi?
  7. I kva grad pregar gresk mytologi og bibelsk mytologi verdsbiletet vårt i dag? Diskuter dette med ein medelev.

Oppgåve 3

Utforsk ein bestemt myte om korleis verda blei til, korleis menneska blei til, eller om kampen mellom det gode og det vonde. Samarbeid gjerne to og to.

  1. Kva handlar myten om?
  2. Kor oppstod denne myten, og i kva kulturar finn vi forteljingar med tilsvarande innhald?
  3. Kva lesemåte vil de velje for å forstå kva myten eigentleg vil seie oss? Diskuter dette og grunngi valet.
  4. Kva meiner de er den sentrale bodskapen i den myten de valde?
  5. Har denne bodskapen relevans for oss som lever i dag?
Relatert innhald