Hopp til innhald

Fagstoff

Framferd på skadestaden

Her skal vi seie litt om framferd på skadestaden, undersøkingar som må gjerast, noko om hjarte- og lungeredning og litt om framandlekamar i halsen.
En kvinne utfører førstehjelp på en mann. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Framferd på skadestaden

Dersom ein gjest eller ein kollega først skader seg, seier erfaringane at dersom vi har tenkt over at det kan skje og så har trena på det, så er det mykje meir sannsynleg at vi klarer å reagere og handle korrekt.

Kva slags førstehjelpsaktivitet vi bør kunne, er avhengig av kvar vi er, og kva slags aktivitetar vi skal utføre.

Ein breførar eller guide på topptur i dei austerrikske Alpane må kunne langt meir om førstehjelp enn ein resepsjonist på eit hotell i sentrum av ein storby. I storbyen kjem vi langt med grunnleggjande kompetanse innanfor livreddande førstehjelp.

Står vi derimot i tett tåke på ein fjelltopp og ein deltakar knekk armen, må vi ha meir utfyllande kompetanse innanfor førstehjelp. Vi kan ikkje berre ha lært oss førstehjelp gjennom å lese, vi må trene på det. Vi blir ikkje flinke i førstehjelp ved berre å lese.

Undersøking

Dei første sekunda og minutta etter ein akutt skade eller sjukdom er avgjerande for korleis det skal gå med pasienten. Likevel er det viktig å bruke nok tid på undersøkingane før vi startar med førstehjelp. Legg merke til at det er sjeldan ambulansepersonell spring på skadestaden. Dei må vere rolege for å få oversikt, arbeide effektivt og tenkje på eigentryggleik. Menneske i panikk arbeidar sjeldan effektivt.

Hjarte- og lungeredning (HLR) – Vaksne

Å vere trygge på korleis vi utfører hjarte- og lungeredning (HLR) reddar liv. Å våge å utføre HLR reddar liv. Hugs at pasienten ønskjer at du prøver. Tenk om det var du som blei akutt sjuk.

Framandlekamar i luftvegane

Det er viktig å skilje situasjonar med framandlekamar i luftvegane frå til dømes medvitsløyse, hjartestans, krampeanfall og andre tilstandar som også kan gi plutselege pustevanskar. Dersom pasienten er vaken, spør derfor straks om han eller ho held på å bli kvelt.

På restaurantar og i det private er det ofte slik at personar som set noko i halsen, går på toalettet for å ikkje forstyrre andre. Følg derfor etter personar som «set noko i halsen», dersom dei går frå bordet. Situasjonen kan raskt forverre seg og bli livstruande.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Pål-André Hansen. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 17.09.2018

Læringsressursar

Sikkerheit