Aktualitet

Menneskerettsdagen 10. desember

Publisert: 03.12.2013, Oppdatert: 05.03.2017
Somalisk mor og barn i flyktningeleir

Kvart år den 10. desember blir FNs menneskerettsdag markert. Han har vore markert sidan 1950 og skal rette søkjelyset mot menneskerettsproblem verda over.

Kva er menneskerettar?

Menneskerettar er grunnleggjande rettar alle har, uavhengig av kjønn, alder, religion eller nasjonalitet.

Menneskerettane er nedfelte i FNs menneskerettserklæring som blei vedteken den 10. desember 1948. Artikkel 1 i erklæringa seier at alle menneske er fødd frie og med same menneskeverd og menneskerettar.

I Artikkel 2 kan vi lese at kvar og ein har krav på alle rettane som er nemnde i erklæringa, utan skilnad av noko slag, for eksempel på grunn av rase, hudfarge, kjønn, språk, religion, politisk eller anna oppfatning, nasjonalt eller sosialt opphav, eigedom, fødsel eller anna forhold.

Alle punkta i menneskerettserklæringa er viktige. Dei slår blant anna fast at alle har rett til liv og fridom, at ingen må haldast i slaveri eller utsetjast for tortur, at alle har rett til å få si sak rettferdig og offentleg behandla av ein uavhengig domstol, at aller har rett til å bevege seg fritt, rett til å søkje og ta imot asyl, rett til statsborgarskap, rett til tanke- og religionsfridom, rett til arbeid og fritt val av yrke, rett til utdanning og gratis elementær opplæring og rett til ein levestandard som er tilstrekkeleg når det gjeld helse, mat, klede og bustad.

MaliRett til undervisning står skrive i menneskerettserklæringa.  

Les meir her: Kva er menneskerettar? 

Menneskerettsdagen

Menneskerettsdagen blir markert på den same datoen som menneskerettserklæringa blei vedteken. Han har vore offisiell FN-dag og har vore markert sidan 1950.

I 2013 vart det markert vi at det er 20 år sidan det blei oppretta ei eiga avdeling i FN med ein eigen høgkommisær for menneskerettar. Opprettinga av dette mandatet skapte eit nytt fokus på kampen for menneskerettar.