Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Ytre og indre salsmiljø og munnleg kommunikasjon

Oppgåva handlar om munnleg kommunikasjon i ytre og indre salsmiljø med bakgrunn i kommunikasjonsmodellen.
7-eleven
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tre gründerar starta i 2005 opp ein «convenience-store» i Haugesund. Dei argaste konkurrentane deira er Seven Eleven og Mix-kiosken.

Bedrifta slit med salet og treng hjelp til å betre fasaden og innreiinga. I tillegg har dei hatt problem med tilsette som ikkje kommuniserer godt nok med kundane.

Du skal gi ei kort innføring i korleis ein skal kommunisere munnleg med bakgrunn i kommunikasjonsmodellen, og komme med forslag til endringar i ytre og indre salsmiljø.

Med bakgrunn i erfaring frå utplasseringa og sentrale læreplanmål skal de lage ei framføring som svarer på denne oppgåva. Oppgåva skal løysast i grupper.

Aktuelt lærestoff om kommunikasjonsmodellen og om ytre og indre salsmiljø finn du under "relatert innhald".

Læreplanmål som de skal oppfylle:

Ytre og indre salsmiljø og munnleg kommunikasjon.doc

Filer

Ytre og indre salsmiljø og munnleg kommunikasjon.pdf

Filer

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Gunnstein Koch.
Sist fagleg oppdatert 20.03.2018

Læringsressursar

Det ytre og det indre salsmiljøet