Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Fønix AS

Ei større oppgåve i faget marknadsføring og sal som tar føre seg tema som marknadsplan, marknadsstrategi, produktets livssyklus og produktutviklingsprosessen.
Arbeidsantrekk på gatekjøkken
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fønix AS har i mange år drive eit gatekjøken på utradisjonelt vis i ein småby i Nordland. Produkta er delvis utradisjonelle innanfor bransjen. Eitt av produkta dei sel, er grilla aure. Kunden kan velje det han eller ho ønskjer av krydder, urter og det som høyrer til (løk, sopp og så vidare), saman med auren. Fønix AS satsar på ein helseprofil. Tradisjonelt er gatekjøkenmat sett på som usunn, men leiaren for gatekjøkenet meiner at gatekjøkenmat kan vere både velsmakande og sunn. I staden for kjøtretter sel dei mykje fiskeretter. Rakfisk i lefse som smårett har vore svært populært på staden.

Gatekjøkenet kjøper blant anna inn varer frå ein produsent av fiskepølse, men har vurdert å skifte leverandør eller eventuelt å få utvikla nye typar pølser for å få eit større utval og andre typar smakar.

Gatekjøkenet er inne i ein fase der dei vurderer å etablere seg i fleire byar i nærleiken, og dei har også planar om å etablere seg i Oslo. På sikt ønskjer dei å etablere seg i alle større byar i Noreg og vurderer også etablering i andre land.

Arbeidsoppdrag

  1. Gjer greie for korleis Fønix AS kan gå fram når dei skal lage ein marknadsplan.
  2. Lag ein marknadsstrategi for Fønix AS der du legg særleg vekt på konkurransemidla. Der det manglar informasjon, kan du fritt vere kreativ og setje dine eigne vilkår. Du kan til dømes bruke andre produkt enn dei som er nemnde i oppgåva.
  3. Kva fasar i livssyklusen til produktet meiner du produkta til Fønix AS er i?
  4. Gjer greie for produktutviklingsprosessen til fiskepølsa og kva du meiner er viktig i dei ulike fasane.
  5. Kva trendar i utviklinga av produkt og tenester meiner du Fønix AS må ta omsyn til når dei skal utvikle denne bedrifta?
  6. Kva forhold meiner du kan vere med på å få kundane til å velje produkta til Fønix?
  7. Gi di totalvurdering av Fønix AS.

Når det gjeld korleis oppgåvesvaret skal utformast, bør det innehalde ei framside, innhaldsliste, topptekst, sidenummerering og kjeldetilvisingar. Du bør presentere stoffet på ein oversiktleg måte med overskrifter og avsnitt, og du kan godt bruke illustrasjonar, bilete og figurar – dei seier mange gonger meir enn ord.

Kompetansemål knytte til denne oppgåva er:

Eleven skal kunne:

  • gjøre rede for produktutviklingsprosesser og produkters livssyklus, og bruk av ulike konkurransemidler i salg av varer og tjenester
  • lage og presentere en markedsplan for en virksomhet
  • vurdere trender i utviklingen av ulike produkter og tjenester, og tilpasse produkt og tjenesteleveranse etter dem
  • gjøre rede for kjøperatferden i ulike markeder

Vurderingskriterium finn du her:

Kompetansemal - Fønix AS.doc

Filer

Kompetansemal - Fønix AS.pdf

Filer

CC BY-SASkrive av Sigmund Bårdvik.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2018

Læringsressursar

Tverrfaglege oppgåver og heildagsprøver