Oppgåve: Simulering

Rollespel om språkdebatten på 1800-talet

Publisert: 04.12.2013, Oppdatert: 21.09.2017

Grand Cafe i Oslo Grand Cafe i Oslo  

Nokre sentrale personar i den norske språkdebatten på 1800-talet møter kvarandre på kafé i hovudstaden. No er det dykkar jobb å levandegjere desse personane.

 

Førebuing

Set dykk grundig inn i debatten om språkutvikling på 1800-talet og argumentasjonen for at den nye norske nasjonen burde ha eit eige språk. Finn ut kva Aasen, Knudsen, Wergeland og Welhaven meinte om saka. Leit gjerne etter meir informasjon på nettet.

 

Oppgåve 1: Dramatiser eit møte

Ivar Aasen og Knud Knudsen møtest til ein kopp kaffi på ein kafé i Kristiania. Der snakkar dei om kva ein bør gjere med språksituasjonen i Noreg. Dramatiser dette møtet.

 

Oppgåve 2: Paneldebatt

Ivar Aasen, Knud Knudsen, Henrik Wergeland, J.S. Welhaven og P. A. Munch møter kvarandre til debatt om «det norske sprog». Temaet er: Kva er «det norske språk», og kva bør ein gjere med språksituasjonen slik han er?

Gå saman i grupper på seks og fordel rollene mellom dykk. Ein elev får i oppgåve å vere møteleiar og ordstyrar.