Oppgåve: Repetisjon

Ivar Aasen og Knud Knudsen

Publisert: 03.12.2013, Oppdatert: 11.09.2017

Skrive invitasjon   

Ivar Aasen og Knud Knudsen prøvde kvar på sin måte å utvikle eit norsk skriftspråk. Men der Aasen ville ha eit språk tufta på norske dialektar, var Knudsen interessert i korleis det danske skriftspråket kunne fornorskast.

 

I 1850 var det enno mange analfabetar i Noreg. Grunnen var mellom anna dårleg skulegang og stor skilnad mellom det norske talemålet og det danske skriftspråket. Både Knudsen og Aasen såg på sitt eige arbeid som viktige pedagogiske og demokratiske framsteg.

 

Oppgåve 1

  1. Kvifor var språkspørsmålet òg eit spørsmål om demokrati for Aasen?
  2. Kvifor meinte Aasen at det var eliten i landet som skreiv dansk, som måtte endre språkvanane sine – ikkje folk flest?
  3. På kva måte kunne eit skriftspråk basert på norske dialektar bidra til sosial utjamning?
  4. Kvifor var det eit pedagogisk problem at dansk var det offisielle skriftspråket i Noreg?
  5. Kan ein hevde at Ivar Aasen var ein opplysningsmann? Grunngi svaret ditt.
  6. Kva for tankar frå nasjonalromantikken kan ein finne att i språkarbeidet til Aasen?

 

 Oppgåve 2

For å vise det nye skriftspråket i praksis, skreiv Ivar Aasen også dikt. Desse dikta tek ofte utgangspunkt i det særeige norske – korleis nordmannen lever og bur. Les diktet "Nordmannen"  og svar på desse spørsmåla:

  1. Korleis vert nordmannen skildra i diktet til Aasen?
  2. Kva slags forhold har nordmannen til naturen?
  3. Korleis skil språket Ivar Aasen skriv, seg frå måten vi skriv nynorsk på i dag? Skriv om diktet til moderne nynorsk.
  4. Kvifor trur du det var viktig for Ivar Aasen å vise det nye skriftspråket i praksis?

 

 Oppgåve 3

  1. Kven var Knud Knudsen? Kor kom han frå, kva utdanning hadde han, og kor jobba han?
  2. Kvifor var Knud Knudsen så oppteken av morsmålsfaget i skulen?
  3. Kva meinte Knud Knudsen om arbeidet til Ivar Aasen?
  4. Kva ville Knud Knudsen ta utgangspunkt i i arbeidet med å lage eit nytt norsk skriftspråk?
  5. Korleis vil du forklare det “ortofone prinsippet” til Knud Knudsen?
  6. Kvifor var 1907-reforma ein viktig siger for Knud Knudsen og språkarbeidet hans?
  7. Knud Knudsen vert omtalt som ein språkleg purist. Kva er ein purist, og kvifor kan ein kalle Knud Knudsen det?

 

Relatert innhald