Oppgåve: Drøfte

Hus og have

Publisert: 27.11.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Oppgåve

Spørsmål til diktet Hus og have av Ina Lykke Schmidt. Teksten finn du relatert nedst på sida.

  

Les diktet Hus og have av Ina Lykke Schmidt.

  1. Diktet tek til med verselinene "Hvor er det herligt med hus og have for så har man altid nok at lave". Gi døme på nokre arbeidsoppgåver som du har, dersom du har hus og hage.
  2. Forfattaren bruker ordet "herligt" om det å ha hus og hage. Kvifor trur du ho har valt å skildre det å ha hus og hage på nettopp denne måten?
  3. "... men så går tiden mens frugttræerne gror og hunden vokser sig stor ...". Kva forsøkjer forfattaren å fortelje oss i desse verselinene?
  4. Diktet fortel også om at når naboen kjem, skal dei grille lekker lammerygg. Kvifor er det så viktig å grille lekker lammerygg og ta seg ut frå si beste side når naboen kjem, trur du?
  5. Mot slutten av diktet står det at "... men inden næsten måned skal det hus kalkes hvidt, for nu har naboen sgu pralet lidt for længe med sit ...". Kva fortel desse verselinene deg om tilhøvet mellom naboane i dette bustadområdet?
  6. Kva ser ein på TV når ein ikkje jobbar med eige hus og hage? Kvifor trur du at dei ser på nettopp dette programmet?
  7. Diktet vert avslutta slik "... hus og have er et livslangt projekt. For nok er her køønt. Men det skal være perfekt". Kva fortel desse verselinene deg om målet med å ha hus og hage?
  8. Trur du forfattaren av diktet verkeleg meiner at det er "herligt" med hus og have? Grunngi svaret ditt.
  9. På kva andre område ønskjer menneske å vere perfekte i vår tid?
  10. Kvifor er mange menneske i dag så opptekne av det perfekte og å vere perfekt, trur du?