Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Treningstøy AS

Denne tverrfaglege oppgavå tar føre seg sentrale kompetansemål i alle tre programfaga. Tidsplan og organisering tilsvarer tverrfagleg eksamen og kan variere noko frå fylke til fylke. Oppgåva er også aktuell for Vg1, men med enkelte tilpassingar.
Treningsstudio
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kompetansemål og vurderingskriterium

Programfaget Sal og marknadsføring

Kompetansemål (NB! Bokmål)

Låg måloppnåing

Middels måloppnåing

Høg måloppnåing

gjøre rede for produktutviklings-prosesser og produkters livs-syklus, og bruk av ulike konkurranse-midler i salg av varer og tjenester.v prisendringer.

vite kva produktutvikling tyder.

gjere greie for produktutviklingsprosess og PLS, og kunne føreslå relevante konkurransemiddel.

forklare produktutviklingsprosess og PLS, tilpasse konkurransemidla og vurdere produktutvikling og konkurransemiddel i samfunnsperspektiv.

Programfaget Tryggleik

Kompetansemål (NB! Bokmål)

Låg måloppnåing

Middels måloppnåing

Høg måloppnåing

bruke IKT-redskaper i samsvar med krav til sikkerhet og foreslå tiltak som hindrer uautorisert tilgang gjennom interne og eksterne kanaler

kjenne til dei viktigaste truslane og de vanlegaste tiltaka mot dei.

ha god kunnskap om ulike truslar når det gjeld IKT, og ha forslag til å løyse desse truslane.

kjenne alle hovudtypane av truslar mot IKT, og kjenne til og vite å bruke fleire tiltak for kvart av trusselområda.

Programfaget Økonomi og administrasjon

Kompetansemål (NB! Bokmål)

Låg måloppnåing

Middels måloppnåing

Høg måloppnåing

Beregne pris på varer og tjenester til forbruker-, bedrifts- og institusjonsmarkedet, utarbeide tilbud og vurdere konsekvenser av prisendringer

bruke enkle ferdigmodellar for priskalkyle

nytte ulike metodar for prisberekning i ulike typar bedrifter, utarbeide tilbod og finne tilleggssatsar

vurdere og vise til konsekvensar av prisendring

Case:

Lars, Ragnhild og Siv driver sin eigen nettbutikk. Dei har laga ei heimeside, men er no usikre på om ho er god nok. Dei leiger inn ein konsulent, Inga, som skal hjelpe dei med å kvalitetssikre heimesida slik at dei kan ha ei trygg bestillings- og betalingsside.

Selskapet har namnet Treningstøy AS og sel treningsklede av kjende og ukjende merke. Dei ønskjer at kundane skal kjenne seg trygge på at dei kan betale via nettet og få vara levert slik at dei blir nøgde. Hittil har dei hatt få klager, men dei ønskjer å auke salet.

Oppgåve 1:

  1. Kva konkurransemiddel synest du Treningstøy AS skal bruke for å auke salet? Grunngi svaret. Kom med konkrete døme.

  2. Dersom dei hadde starta opp ein butikk i eit kjøpesenter, ville det ha ført til endringar i konkurransemidla? Kvifor eller kvifor ikkje?
  3. På kva ulike måtar kan ein butikk skaffe medarbeidarar? Kan du skildre rekrutterings- og tilsetjingsprosessen? Kom med konkrete døme.
    Kva eigenskapar synest du ein medarbeidar skal ha?



Oppgåve 2 - tryggleik:

1. Det er svært viktig at nettbutikken klarer evnar å ha kontroll med IKT-tryggleiken.


  1. Set opp eit trusselbilete over uønskte hendingar i eit kakediagram.
  2. Vel ut ein sektor (elektroniske truslar) i diagrammet og set opp eit nytt kakediagram over konkrete uønskte hendingar.

2. Vel ut ei uønskt hending frå punkt b over. Lag ei konsekvensvurdering. Du lagar dine eigne føresetnader for eksisterande tiltak.

3. Kva for nye IKT-tryggingstiltak tilrår du for Treningstøy AS utover dei som er nemnde i oppgåve 3?


Oppgåve 3- økonomi

1. Treningstøy AS sel NIKE joggesko i nettbutikken sin. De betalar 215 kroner i inntakskost for eit par joggesko. Treningstøy AS kalkulerer med 60 prosent indirekte kostnader og 15 prosent forteneste. Meirverdiavgifta er 25 prosent.

  1. Kva er dei direkte kostnadene for eit par joggesko?
  2. Nemn tre døme på indirekte kostnader som Treningstøy AS kan ha.
  3. Er Treningstøy AS ei handels-, produksjons- eller tenesteytande bedrift? Grunngi svaret ditt.
  4. Finn sjølvkost og pris med og utan meirverdiavgift for eit par NIKE joggesko.
  5. Kva er dekningsbidraget til eit par NIKE joggesko?
  6. Kva er bruttofortenesta (dekningsgraden) i prosent?

2. Konsulenten Inga har fått i oppdrag å kvalitetssikre heimesida til Treningstøy AS. Inga er tilsett i konsulentbedrifta Webservice AS.
Det jobbar tre IT-konsulentar i Webservice AS. Dei har ei gjennomsnittleg årslønn på 650 000 kroner kvar. Indirekte kostnader er 800 000 kroner per år. Bedrifta kan fakturere i gjennomsnitt 1200 timar per konsulent. Timeprisen skal dekkje ei forteneste på 15 prosent.

  1. Rekn ut timeprisen utan meirverdiavgift.
  2. Inga jobbar totalt sju timar med oppdraget frå Treningstøy AS. Diverse materiell i samband med oppdraget kostar 1150 kroner.
    Set opp ein faktura, og finn prisen inkludert 25 prosent meirverdiavgift som Treningstøy AS må betale for konsulentoppdraget til Inga.

3. Treningstøy AS tenkjer at dei skal produsere sine eigne joggesko og ikkje importere joggesko frå NIKE. Materiala til eit par joggesko kostar 50 kroner, ein arbeidar jobbar 1,5 timar med å produsere eit par joggesko, arbeidaren får 150 kroner i timen. Dei indirekte kostnadene er på 55 prosent, fortenesta skal vere på 15 prosent.

  1. Gjer ein priskalkulasjon for eit par joggesko. Kva kostar det å produsere eit par joggesko?
  2. Kor stor er fortenesta på eit par joggesko?
  3. Kva må kunden betale for Treningstøy AS sine eigenproduserte joggesko?
    Vil det lønne seg for bedrifta å produsere joggesko sjølv eller å importere joggesko frå NIKE? Grunngi svaret ditt.
CC BY-SASkrive av Siv Karstensen.
Sist fagleg oppdatert 21.11.2018

Læringsressursar

Tverrfaglege oppgåver og heildagsprøver