Fagstoff

Farsar og frityrsteiking

Publisert: 21.11.2013, Oppdatert: 05.03.2017

 

Matrettar av farse. Fotokollasje.Matrettar av farse: 1) Spanske kjøtbollar. 2) Bratwurst. 3) Frityrsteikte kjøtbollar av kalv. 4) Kålrulettar av kyllingfarse. 5) Kjøtpudding med paprika og pistasjnøtter. 

Duxelles-massar

Ein duxelles-masse er ingen kjøtfarse, men ein farse som kan innehalde kjøt. Hovudingrediensane er finhakka sjampinjong, sjalottlauk og persille. Dette blir frest saman med litt feitt.

Finmalne farsar

Finmalne farsar blir malne éin gong og finhakka i hurtighakkar. Ein alternativ framgangsmåte er å male farsen fem–seks gonger.

Hugselappen

Deigar er kverna kjøt og farsar er spedd kjøtdeig, dvs. tilsett krydder og væske.

Korleis ein lagar kjøtfarse steg for steg. Fotoserie.  

Grovmalne farsar

Grovmalen farse er reint kjøtt som blir male éin gong og kan tilsetjast eggeplommer eller eit spesielt garnityr, for eksempel lauk og kapers.

Vanlege farsar

Vanlege farsar blir kverna to–tre gonger før dei blir ferdigarbeidde i miksar saman med potetmjøl, salt, krydder og mjølk.

Oversyn farsar: Duxellesmassar, grovmalen deig, finmalen deig, vanlege farsar. Illustrasjon.  

Hugselappen

Den vanlegaste temperaturen for steiking er 160 ºC. Då blir kjøtet bruna samstundes som det blir gjennomsteikt.

Friterte kjøttbollar steg for steg. Fotoserie.Slik lagar du friterte kjøtbollar.  

Frityrsteikte kjøtbollar av kalv med basilikumblad på tallerk. Foto.Frityrsteikte kjøttbollar av kalv 

Frityrsteiking

Kjøt som skal frityrsteikast, blir anten panert eller dyppa i frityrrøre før steiking. Ved steiking blir følgjande varmegradar brukte:

Varm frityr:

 135 ºC

Det boblar når vi kastar persille i.

Svært varm frityr:

 160 ºC

Det knitrar når vi kastar persille i.

Heit frityr:

 180 ºC

Kvit damp stig opp, og det blir ei utprega frityrlukt.

 

Framgangsmåte

 

Frityrsteiking steg for steg. Illustrasjon.    

Oppgåver

Aktuelt stoff for