Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Utforsk eigne celler

Lag eit mikroskoppreparat av epitelceller frå innsida av kinnet ditt, og bli kjend med oppbygging og indre struktur hos dyreceller.
Biletkollasj som viser eit mikroskop og eit mikroskopbilete av ei epitelcelle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Formål

Bli kjend med oppbygging og indre struktur hos dyreceller ved å studere eigne epitelceller. Desse cellene er i utgangspunktet fargelause, men vi tilset fargestoff for å få betre kontrast.

Utstyr
  • bomullspinnar

  • objektglas
  • dekkglas
  • filterpapir
  • 1 %-løysing metylenblått eller fortynna jodløysing
  • dropeteljar
  • mikroskop

Framgangsmåte

Fargelause runde celler med tydeleg kjerne og kornete cytoplasma. Foto.
Fleire celler med tydeleg farga cellekjerne, saman med bitte små prikkar som er bakteriar. Mikroskopfoto.
  1. Skrap forsiktig med ein bomullspinne på innsida av kinnet.

  2. Rull bomullspinnen på eit objektglas slik at cellene frå munnhòla blir overførte til glasflata.

  3. Dryp ein drope fargeløysing på objektglaset og senk dekkglaset over preparatet.

  4. Bruk eit filterpapir til å trekkje ut overflødig farge.

  5. Studer preparatet i mikroskopet. Start med den lågaste forstørringa og auk forstørringa når du har fått eit skarpt bilete.

  6. Tips! Bruk blender og kondensor slik at du får sjå flest mogleg detaljar.

  7. Ta gjerne bilete med mobiltelefonen gjennom okularet.

Alternativ metode:
Skrap forsiktig med bakenden av ein tannpirkar på innsida av kinnet. Røyr med tannpirkaren i ein drope metylenblått på eit objektglas. Legg på dekkglas.

Resultat og vidare arbeid

  1. Prøv å identifisere ulike organellar og cellestrukturar, og set på namn. Du kan anten bruke bileta du har teke, og setje namn på dei ulike strukturane der, eller du kan lage ei skisse som du skriv på.
  2. Kva funksjon har dei ulike organellane og cellestrukturane? Noter ned nokre stikkord for kvar struktur.
  3. Kva er karakteristisk for dyreceller?
  4. Fekk du observert alle strukturane som byggjer opp ei dyrecelle? Grunngi svaret ditt.
  5. Beskriv fasongen til epitelcellene, og berekn storleiken på dei. Ved hjelp av millimeterpapir kan du finne storleiken på synsfeltet du har gjennom mikroskopet. Dette er eit godt hjelpemiddel for vidare å finne storleiken på cella du observerer.
  6. Munnhola inneheld ikkje berre dine eigne celler, men òg bakterieceller. Kan du finne bakteriar i preparatet ditt? Beskriv forskjellen på dei to celletypane i storleik og utsjånad.

Tips!

Dette er ein fin aktivitet å kombinere med Forsøk: Utforsk planteceller for å samanlikne og forstå forskjellen på dei ulike eukaryote cellene.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle og Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 06.05.2021

Læringsressursar

Arvestoffet