Hopp til innhald

Fagstoff

Oppdeling av skaldyr

Skaldyr er eit omgrep vi brukar om krepsdyr og skjell. Her lærer du korleis du kan dele opp og lage til hummar, krabbe, kreps og reker.
Oppdeling av hummer
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hummar

Hummar må vere levande når vi kjøper han.

Avliving av hummar

Metode I

Kok opp vatn og legg hummaren, med hovudet først, ned i det fosskokande vatnet. Hummaren blir drepen med ein gong.

Metode II

Pakk hummaren i plast og legg han på fryserommet i 2 timar. Hummaren mister gradvis bevisstheita og døyr. Legg deretter hummaren i kokande vatn.

Metode III

Legg hummaren på rist i ein fiskekjele. Slå kaldt vatn over og varm raskt opp til 35 °C. Då er hummaren bedøvd. Legg han så over i kokande vatn.

Metode IV

Legg hummaren i kaldt saltvatn med 350 g salt per liter vatn. Etter 5–6 minutt er hummaren bedøvd og kan leggjast over i kokande vatn.

Koking av hummer
Opne bilete i eit nytt vindauge

Langust

Koking og oppdeling av langust

Langust skal kokast og behandlast som hummar.

Krabbe
Opne bilete i eit nytt vindauge
Koking av krabbe
Opne bilete i eit nytt vindauge
Rensing av krabbe
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kreps

Koking av kreps

Kok ein lake av:

  • 10 liter vatn
  • 400 g grovt salt
  • 2 buntar dill
  • 3 sukkerbitar

Legg krepsen levande i den kokande laken og trekk i 8–10 minutt. Avkjøl krafta raskt til 10 °C.

Reker

Reker blir selde både rå og kokte.

Rensing av reker
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjøkreps

Sjøkrepsen blir seld både levande og kokt.

Koking av sjøkreps

Legg sjøkreps i kokande vatn tilsett 40 g salt per liter og trekk i 4–10 minutt.

Relatert innhald

Film om scampi. Korleis skal scampi behandlast, og korleis bør dei lagast til?

Film som viser hvordan sjøkreps bør tilberedes

CC BY-NC-SASkrive av Ketil Lyngvær.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Tillaging av skaldyr