Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Yrkesetikk på arbeidsplassen

I alle serviceyrke kan det oppstå situasjonar der vi blir usikre på kva som er rett å gjere. I denne oppgåva skal du tenkje over ulike situasjonar som kan oppstå på jobb. Korleis prioriterer du?
To unge kvinner sit ved eit skrivebord med kontorutstyr. Den eine fortel den andre ei hemmelegheit. Foto.

Oppgåva kan gjerast åleine, men eignar seg òg godt som utgangspunkt for ein klassediskusjon.

Oppgåve

I lista nedanfor beskriv vi ulike kvardagssituasjonar som handlar om yrkesetikk. Sorter døma etter kor alvorlege du meiner dei er. Kan du komme på fleire døme? Kvar vil du setje dei inn i lista?

  • komme for seint på arbeid
  • halde orden i fellesutstyr
  • ta med seg småting frå lageret
  • mobbing av ein kollega
  • bedrifta praktiserer ikkje likelønn
  • gå heim ein halv time før arbeidsdagen er over
  • snakke med venner når det er kundar til stades
  • ta private kopiar på kopimaskina på jobben
  • ta litt for lang lunsjpause
  • bruke jobbtelefon til private samtalar
  • ta med seg kontorutstyr heim
  • ta med seg reklameeffektar (pennar og liknande) heim
  • gi personalrabatt til venner og kjende
  • overlate eigne ansvarsoppgåver til andre

Relatert innhald

Kva er etiske utfordringar? Her gir vi døme på hjelpemiddel som kan vere til nytte når vi står i valsituasjonar som krev etisk vurdering.

CC BY-SASkrive av Tove Engesvik.
Sist fagleg oppdatert 15.12.2020

Læringsressursar

Yrkesetikk