Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Diskuter konflikthandtering

Konfliktar kan vere ein trussel mot trivselen og tryggleiken til ein medarbeidar. Har du kunnskap om konfliktar, og er mentalt førebudd, har du betre føresetnader for å løyse dei.
To kvinner i like arbeidsskjorter står og skrik til kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diskusjonsoppgåver

Tips til gjennomføring

  • Diskuter oppgåvene i grupper.

  • Alle tek eigne notat.

  • Når alle oppgåvene er gjorde, lag nye grupper og presenter svara for kvarandre.

Oppgåve 1

Diskuter konfliktar de har opplevd. Del opplevingane med dei andre i gruppa.

  1. Korleis blei desse konfliktane løyste?

  2. Nemn dei positive og dei negative erfaringane dykkar.

  3. Korleis kan konfliktar vere ein trussel mot tryggleiken til ein medarbeidar?

Oppgåve 2

  1. Diskuter kva betydning kroppsspråket har for korleis vi blir oppfatta av andre. Forklar korleis kroppsspråket kan påverke ein konfliktsituasjon.

  2. Konfliktar på arbeidsplassen kan vere ein stressfaktor. Diskuter kva sjukdommar langvarig stress kan føre til.

Oppgåve 3

Du arbeider som vektar på eit kjøpesenter når du ser ein rusa, ukjend mann drikke av ei colaflaske med klart innhald.

  1. Du vil få han ut av kjøpesenteret, men helst utan at det oppstår konflikt. Forklar kva du vil gjere.
  2. Rett før utgangsdøra stoppar mannen og seier: "Eg skal ikkje ut!" Kva gjer du?
CC BY-SASkrive av Tove Engesvik.
Sist fagleg oppdatert 12.09.2023

Læringsressursar

Konflikthandtering