Fagstoff

Strukturar utanfor cella – cellevegg, glykokalyks og flagellar

Publisert: 30.10.2013, Oppdatert: 02.08.2017
Løkceller med tydelige kjerner og cellevegger

Sjølv om cellemembranen omgir cella og avgrensar henne frå omgivnadene, finst det strukturar på utsida av membranen på dei fleste cellene. Hos både plantar, dyr, sopp og bakteriar skil cellene ut stoff som dannar beskyttande strukturar på utsida av cellemembranane. Kva stoff som blir avsette på utsida av cellemembranen, varierer etter celletypen og organismen.

Mikroskopbilde av moseblad med tydelige kloroplaster.Moseceller med tydelege cellevegger. Mosar manglar lignin i celleveggene og blir derfor aldri store. 

Sukkertare under vann.Hos algar er cellulose og pektinstoff viktige komponentar i celleveggen, men i tillegg finst ofte andre stoff som er karakteristiske for arten. Mange brunalgar inneheld store mengder alginat som blir utnytta industrielt (sjå relasjon/lenkje til fakta og forsøk med alginat). 

Haustlauvet fell, og bær blir modne når pektin blir brote ned om hausten. 

Rød sopp med glinsende hatt.Plantar, sopp og dei fleste bakteriar har ein cellevegg utanpå cellemembranen. Mikrofibrillane i celleveggen hos dei fleste soppar består av kitin i staden for cellulose, som vi finn hos plantar. 

Tegning av to planteceller med kanal mellom.Plasmodesma. Transportvegen gjennom plasmodesmata blir kalla symplast veg. 

Tegning av vevsstruktur  mellom celler og blodårer.Rommet mellom cellene er fylt med ekstracellulær matriks, som i all hovudsak består av vatn, løyste stoff, proteinfibrar og polysakkarid. Transport av stoff mellom blod og celler skjer ved diffusjon gjennom vevsvæska, den ekstracellulære matriksen med geléaktig konsistens. 

 

Tverrsnitt av flagell med 9   1 par mikrotubili.Hos eukaryote celler er flagellar og ciliar bygde opp av mikrotubuli som er bundne saman av proteinstrukturar. Hos prokaryotar er flagellar og ciliar enklare bygde.

Cellevegg i plantar

Celleveggen vernar cella, gir støtte til å halde planten oppreist og ei fleksibel stiving som hindrar at tre blir knekte ved kraftig vind. Celleveggen gir cellene fast form og sørgjer dermed for ein stabil cellestruktur.
Plansje som viser hvordan cellolose er bygd opp.Cellulose: fleire tusen glukosemolekyl bundne saman i kjeder utan forgreiningar. Desse er igjen bunta saman i mikrofibrillar. Drøvtyggjarar kan utnytte energien i for eksempel gras fordi bakteriar i magen deira kan bryte ned bindingane i cellulose. Veggen hindrar at cellene tek opp så mykje vatn at dei sprekk. Han vernar òg til ein viss grad mot uttørking, UV-stråling og angrep frå sopp og bakteriar.

Kvar celle bruker ein stor del av energien sin på å produsere (syntetisere) celleveggstoff.

Celleveggen hos plantar består av cellulose, hemicellulose, pektin og protein. Han kan òg bli sett inn med lignin eller korkstoff på eit seinare stadium.

Tverrsnitt av kvist med bark, ved og marg.Tverrsnitt av tofrøblada stengel med årringar.Ved celledeling blir ein tynn primærvegg danna først. Når cella er utvaksen, blir det danna ein tjukkare sekundærvegg på innsida av primærveggen. Fleire celletypar, blant anna vedrøyr, blir etter kvart innleira av lignin som gir styrke og motstår nedbryting frå sopp. Lignin verkar som betong i celleveggen, mens mikrofibrillar av cellulose fungerer som armeringsjarn.

Vatn og oppløyste stoff kan bevege seg forholdsvis lett i cellevegger utan lignin. Dette har mykje å seie for vasstransporten mellom cellene.

Plasmodesmata

Plasmodesma (eintal) er ei lita opning gjennom celleveggen frå ei plantecelle til ei anna. Ei plantecelle har fleire plasmodesmataModell av to planteceller med forbindelser gjennom celleveggen.Planteceller ligg med celleveggene inntil kvarandre. Cytoplasmaet til nabocellene står i samband med kvarandre gjennom opningar i celleveggen (plasmodesmata). Desse dannar nyttige transportvegar, men aukar og faren for spreiing av virus. som dannar forbindelsar til cytoplasma i nabocellene. Tynne cytoplasmatrådar med endoplasmatisk nettverk (ER) går gjennom desse porene og bind naboceller saman slik at stofftransport og kommunikasjon kan skje. Plasmodesmata blir stengde under vinterkvilen hos trea og rundt skadeområdet viss plantevev blir skadd.

Ekstracellulær matriks (ECM) og glykokalyks hos dyreceller

Dyreceller manglar cellevegg, men har eit slimlag som dekkjer cellemembranen. Dette slimlaget (glykokalyks) gir mekanisk vern og fungerer som fingeravtrykket til cella.
Tegnet cellemembran med strukturer på overflaten. Slimlaget er rikt på karbohydrat som er bundne til protein (glykoprotein) og lipid (glykolipid) som sit på overflata til cellemembranen. Celler som er av same type, kan kjenne igjen kvarandre på slimlaget og vite kven dei kan samarbeide med.

Immunsystemet bruker òg glykokalyks til å identifisere kroppen sine eigne celler, framande celler og eigne celler som er infiserte. Immunsystemet oppdagar dei infiserte cellene, fordi desse cellene presentere fragment av inntrengjaren på overflata si. 

Ekstracellulær matriks dannar viktige strukturar i vevet rundtLangstrakt proteinmodell med mange farger. Glykoproteinet kollagen dannar fibrar i den ekstracellulære matriksen.cellene. Det er eit nettverk av fiberdannande protein som kollagen og elastin i tillegg til langstrakte kjeder av polysakkarid med geléaktig konsistens. Ekstracellulær matriks vernar cellene og påverkar utviklinga og funksjonen til cellene. Bindevev er spesielt rikt på ekstracellulær matriks.

Flagellar og ciliar

Bilde av en sædcelle og en alge med flagell.Flagellane hos sædceller og hos algar har den same strukturen.Flagellar (svingtrådar) og ciliar (flimmerhår) er rørlege utbuktingar av cellemembranen. Når det er få (1–2) svingtrådar med litt lengd, kallar vi dei flagellar, mens mange korte flimmerhår blir kalla ciliar.

I luftvegane hos pattedyr er epitelcellene (slimhuda) dekt med ciliar som sørgjer for at slim og partiklar beveger seg oppover. Eggleiarar hos pattedyr har flimmerhår som flytter eggcella frå eggleiaren mot livmora. Elles er det mange eincella algar og protozoar som har flagellar som liknar halen til sædcellene.

Oppgåver
Relatert innhald