Hopp til innhald

Fagstoff

Søkjeoptimalisering

Søkjemotoroptimalisering, forkorta SEO (Search Engine Optimalization), er alt vi gjer for å få ei nettside til å bli meir synleg og få ei høgare ranking på resultatsidene til søkjemotorane.
Laptopskjerm med google-søk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Søkjemotoroptimalisering og marknadsføring

Målet med søkjemotoroptimalisering er å få nettstaden til å bli vist høgt oppe i Google og andre søkjemotorar. Jo høgare oppe ei nettside kjem på resultatsida, jo meir trafikk får ho, noko som igjen forhåpentleg fører til at fleire vel det produktet eller den tenesta vi sel.

Søkjemotoroptimalisering har etter kvart blitt eit eige fagfelt innanfor marknadsføring, men det er framleis mykje vi kan gjere sjølve.

Ranking

For å bestemme kva ranking ein nettstad skal få, bruker søkjemotorane ein algoritme som vurderer ei rekkje ulike faktorar. Nøyaktig korleis rankinga blir berekna, og kva det blir lagt mest vekt på, er hemmeleg. Det er derfor berre mogleg å gi generelle råd om korleis ei nettside bør utformast, og kva ho bør innehalde, for å score høgt på søkjeresultat.

  • Innhaldet må vere relevant og handle om det brukarane søkjer på. Søkjemotorar indekserer innhaldet på alle nettsidene og samanliknar dette med søka. For at nettsida skal komme med i resultatet, må dei orda det blir søkt på, finnast på nettsida.
  • Dersom andre nettstader lenkjer til sida di, får ho ei høgare ranking. Søkjemotorane går ut frå at ei side som mange lenkjar til, har eit innhald som mange er interesserte i, og gir henne ei høgare ranking.
  • Nettsida bør vere teknisk riktig og laste raskt. Nettsider som inneheld mange element som ikkje fungerer, eller som lastar svært tregt, får ei lågare ranking.

Ei anna moglegheit er å kjøpe ei høgare plassering i søkjeresultat ved å abonnere på mykje brukte søkjeord (AdWords). I praksis betyr det at ein betaler til dømes Google for å komme høgt opp på resultatlista når nokon søkjer på bestemte ord eller omgrep.

Google har eigne verktøy for å analysere kva søkjeord som er mest brukte innanfor ulike bransjar. Dersom det til dømes viser seg at mange søkjer på «bubilparkering», kan det lønne seg for Solgløtt camping å ta med dette ordet på nettsidene sine og kanskje også abonnere på det.

Bruk søkjeorda på dei riktige stadene

Når vi veit kva søkjeord som oftast blir brukte for å finne sider om dei produkta eller tenestene vi tilbyr, må vi passe på at nettsidene våre inneheld desse orda.

Titteltaggen: Alle nettsider har ein såkalla titteltagg som er synleg øvst til venstre i nettlesaren når sida blir vist. Her bør det søkjeordet du ønskjer å få høgast ranking på, stå.

Overskriftene: Bruk dei viktigaste søkjeorda i overskriftene på nettsidene.

Bilettekstar: Søkjemotorar klarer ikkje å sjå kva eit bilete førestiller. Vi bør derfor inkludere ein tekst som forklarer kva biletet viser. Dette blir gjerne kalla alternativ-teksten og blir vist når vi held musmarkøren over biletet. Vi bør også bruke søkjeord i namnet på biletfila.

Teksten: Pass på at søkjeorda finst i den teksten du skriv, men ikkje overdriv. Dersom dei same orda blir tekne opp att for mange gonger, blir teksten slitsam å lese, og søkjemotorane vil ikkje gi sida ei høgare ranking når dei same orda stadig blir tekne opp att.

Forsøk å få andre til å lenkje til nettsidene

Når andre lenkjer til nettsidene våre, er det eit signal til søkjemotorane om at andre bryr seg om det som finst der. Vi bør derfor prøve å få så mange som mogleg til å lenkje til sidene våre eller dele innhald på sosiale medium som Facebook og Twitter.

Vi kan også ta kontakt med leverandørar, samarbeidspartnarar og andre som har eigne nettsider, og som vi kan be om å lenkje til nettsidene våre.

Analysere trafikken

Ved å analysere trafikken til nettsidene kan vi lære mykje om korleis vi bør optimalisere dei. Google har eit sett med analyseverktøy kalla Google Analytics som kan brukast til å undersøkje mellom anna

  • kor mange som besøkjer nettsidene
  • kva sider som er mest besøkte
  • kva dei besøkjande klikkar på
  • kor mykje tid dei besøkjande bruker på kvar side
  • korleis dei besøkjande fann fram til sidene våre
  • kva slags utstyr og type nettlesar dei brukte

Når vi veit kva søkjeord som oftast blir brukte for å finne sider om dei produkta eller tenestene vi tilbyr, må vi passe på at nettsidene våre inneheld desse orda.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 17.01.2019

Læringsressursar

Webdesign