Hopp til innhald

Fagstoff

Utforme informasjon til nettsidene

Når vi veit kva slags informasjon vi skal ha med på nettsidene, kan vi begynne å skrive. Å lage godt innhald til ein nettstad er ei tidkrevjande oppgåve, og det er nokre reglar vi bør følgje.
Illustrasjon med planlegging av hjemmeside. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kven skriv vi for?

Når du utformar informasjon, bør du heile tida ha i bakhovudet kven som skal lese det du skriv. Det er ikkje sikkert dei som besøkjer nettsida, forstår til dømes dialektord eller omgrep som er vanlege i reiselivsbransjen, og som det verkar naturleg for deg å bruke. Tenk også på at ikkje alle har den same kunnskapen som deg om det temaet eller den staden du skriv om.

Døme

Solgløtt camping ligg like i nærleiken av eit freda naturområde med eit fuglereservat. I tillegg til at det er eit svært vakkert naturområde, er det også sett opp observasjonsplattformer der ein kan betrakte fuglelivet på nært hald. Området heiter Fugleodden, og alle som bur i området, kjenner til det.

Dette er informasjon som vi gjerne vil ha med saman med andre aktivitetar og attraksjonar i nærleiken av campingplassen, så vi skriv: "Solgløtt camping ligg berre 500 meter frå den vakre Fugleodden."

Det høyrest jo greitt ut, men problemet er at gjester som ikkje er lokalkjende, truleg aldri har høyrt om Fugleodden. Dermed veit dei ikkje noko om verken fuglereservatet eller observasjonsplattformene, og informasjonen om Fugleodden blir ikkje oppfatta som spesielt interessant.

Kva er formålet med informasjonen?

Vi må også vere bevisste på kva vi ønskjer å oppnå med det vi skriv. For Solgløtt vil det viktigaste vere å få gjester til å komme til campingplassen. Alt vi skriv, bør derfor ta utgangspunkt i at vi ønskjer å få dei som besøkjer nettsidene til å reservere plass eller bestille hytte.

Nokre råd om utforminga:

Begynn med det viktigaste

Når vi skriv tekst til nettsider, er hovudregelen at vi alltid skal begynne med den viktigaste informasjonen. Det er fleire grunnar til det.

Gjesten les ofte berre dei første setningane eller det første avsnittet før han eller ho bestemmer seg for om informasjonen er viktig eller interessant nok til at det er verdt å halde fram å lese. Det viktigaste vi skal seie, må derfor komme tidleg i teksten.

Ein annan grunn til at vi skal starte med det viktigaste, er måten søkjemotorar indekserer og presenterer søkjeresultat på. Det er ofte berre det første avsnittet eller den første setninga på ei nettside som blir vist.

Hovudreglane er:
• Dei viktigaste orda skal stå først i setninga.
• Den viktigaste setninga skal stå først i avsnittet.
• Det viktigaste avsnittet skal stå øvst i teksten.

Kutt ut unødvendig informasjon

Dei fleste som besøkjer ei ny nettside, kikkar berre fort igjennom henne, og dei ser berre eit lite område om gongen. Vi bør derfor ikkje ha for mykje informasjon på kvar side. Det må vere enkelt å skumlese teksten for å finne den informasjonen ein leitar etter.

Vel bort all informasjon som ikkje er nødvendig. Fjern utdatert informasjon. Tenk på kva besøkjande ser etter, og fokuser på det. Kor viktig er det til dømes for dei som vurderer å besøkje campingplassen å lese om korleis sankthansfeiringa i fjor gjekk føre seg, eller at butikken er nymåla?

Skriv korte setningar, og bruk mange avsnitt

Bruk korte setningar og hyppige avsnitt. Lange setningar er krunglete å lese og blir lett forvirrande for lesaren. Ei setning bør helst ikkje ha meir enn 30 ord, og kvar setning bør berre innehalde eitt poeng.

Det er vanskelegare å følgje ei tekstlinje på ein skjerm enn på papir. Avsnitt med mange linjer fører derfor til at lesaren lett fell ut av teksten. Store samanhengande tekstblokker som fyller opp skjermen, verkar dessutan demotiverande og blir oppfatta som tyngre å lese. Eit avsnitt som skal lesast på skjerm, bør ikkje vere på meir enn maksimalt 3–5 linjer, men kan godt vere kortare.

Bruk utheva nøkkelord

Sjølv om alle orda i ei setning bør vere nødvendige, er ikkje alle nødvendigvis like viktige. Dei viktigaste orda kallar vi nøkkelord. Ved å utheve nøkkelorda med feit skrift blir teksten lettare å skumlese. I litt lengre tekstar kan du også vurdere å utheve nøkkelsetningar.

La oss sjå på eit døme. Vi tenkjer oss at vi har skrive denne teksten om Solgløtt camping:

Hundar er velkomne på Solgløtt camping, men hunden må heile tida vere i band inne på campingplassen. Hundeeigaren er ansvarleg for å rydde opp etter hunden sin både innanfor og utanfor campingområdet. Tenk også på at alle kanskje ikkje er like glad i dyr som det du er.

Så skriv vi det same avsnittet med markerte nøkkelord:

Hundar er velkomne på Solgløtt camping, men hunden må heile tida vere i band inne på campingplassen. Hundeeigaren er ansvarleg for å rydde opp etter hunden sin både innanfor og utanfor campingområdet. Tenk også på at alle kanskje ikkje er like glad i dyr som det du er.

Bruk mellomtitlar dersom teksten må vere lengre

Nokre gonger må ein tekst vere lengre for å ha med all informasjon. Da bør du setje inn mellomtitlar, slik at det blir enkelt å sjå kva dei ulike delane av teksten handlar om. På den måten blir det enklare å hoppe direkte til det innhaldet ein er interessert i, og enkelt å hoppe over det som ikkje er av interesse. Mellomtitlar må markerast med riktig kode, til dømes H2 og H3, for å vere i samsvar med krav om universell utforming. Dette vil gi ei betre oppleving for dei som brukar støtteverktøy, samtidig som det sikrar søkemotoroptimalisering.

Bruk punktlister

Punktlister er raskare og enklare å lese enn samanhengande tekst. Du bør derfor velje punktlister i staden for oppramsing.

Les korrektur

Bruk stavekontroll, og les korrektur. Slurv og skrivefeil gir eit useriøst inntrykk. Det er også lurt å la nokon andre lese korrektur før teksten blir lagd ut på nettet.

Vi må også vere bevisste på kven vi skriv for, og kva vi ønskjer å oppnå med det vi skriv.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 04.02.2019

Læringsressursar

Webdesign