Hopp til innhald

Fagstoff

Bestemme innhald til nettsidene

Det hjelper ikkje å ha nettsider dersom kundane ikkje finn den informasjonen dei treng, der.
Illustrasjon med spørsmålstegn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er ikkje nettsidene i seg sjølve, men innhaldet vi fyller dei med, som er avgjerande. På engelsk blir ofte omgrepet "Content is king" brukt for å uttrykkje at det er innhaldet som er det viktigaste.

Planlegginga av nettsidene bør derfor starte med å bestemme kva slags informasjon vi vil ha med. Da må vi prøve å setje oss inn i situasjonen til kundane og spørje oss sjølve kva som er viktig for dei. Dersom vi har høve til det, er det aller beste sjølvsagt å gjere ei undersøking og spørje kundane om kva slags informasjon dei synest er viktigast.

Kva vi skal ha med, er også avhengig av kva slags verksemd vi driv. For ein overnattingsstad er til dømes informasjon om romma svært viktig, medan ein serveringsstad naturleg nok bør ha ein meny.

Kva skal nettsidene til Solgløtt camping innehalde?

Når vi skal bestemme kva nettsidene til Solgløtt camping skal innehalde, må vi prøve å setje oss i inn i situasjonen til campingturistane og spørje oss sjølve kva slags informasjon dei treng når dei opnar nettsidene til Solgløtt.

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon er viktig for alle nettstader. Potensielle gjester må kunne ta kontakt dersom dei treng meir informasjon, eller dersom dei har spørsmål. Kontaktinformasjonen bør inkludere telefonnummer (dersom telefonen berre er betent delar av døgnet, bør det også stå når ein kan ringje), e-postadresse, postadresse og kontaktpersonar.

Kontaktinformasjonen må vere lett å finne. Det vanlegaste er å plassere han anten nedst på framsida eller som eit eige menyval.

Opningstider

Dei som ikkje har besøkt Solgløtt tidlegare, vil truleg lure på når campingplassen er open. Vi bør derfor ha informasjon om opningstider – til dømes:

  • Er campingplassen open heile året eller berre i sesongen?
  • Er plassen betent heile døgnet eller berre i bestemte tidsrom?
  • Når er første og siste utsjekking frå hyttene?
  • Kva er opningstidene i butikken?

Prisar

Vi må ha med ei prisliste. Ho bør også vise kva som er inkludert i prisane, til dømes straum til campingvogner/bubilar og sengetøy i hyttene.

Kart og vegbeskriving

Sidan vi ønskjer at det skal komme så mange gjester som mogleg til campingplassen, må vi ha eit kart som viser kvar han ligg, og gjerne også ei enkel forklaring av køyreruta frå nærmaste by eller hovudveg.

Vi kan godt bruke eit teikneprogram for å lage eit eige kart, men ei anna løysing kan vere å inkludere kart frå ei kartteneste som Google Maps på nettsida.

Fasilitetar

Campingturistar er opptekne av kva fasilitetar campingplassen kan tilby. Døme på det kan vere toalett/bad/dusj, høve til klesvask og matlaging, tilgang til vatn og straum, internettilgang, høve til å handle mat og forbruksvarer, osv.

Dei som ønskjer å leige ei hytte, vil truleg også vere interesserte i å vite kor store hyttene er, kor mange sengeplassar dei har, og kva slags innreiing og utstyr som finst i hyttene.

Dyr

For campingturistar som har med seg dyr på ferie, vil det vere svært viktig å få informasjon om kva reglar som gjeld, og korleis det er med turstiar i området.

Aktivitetar og attraksjonar på og i nærleiken av campingplassen

Dei fleste turistar vil gjerne ha noko å gjere eller oppleve noko i ferien. Vi bør derfor ha informasjon om aktivitetar og attraksjonar på og i nærleiken av campingplassen. Døme på dette kan vere: Kva kan ein gjere på Solgløtt? Kor langt er det til nærmaste handelssenter eller by? Er det stader i nærleiken som kan vere av interesse? Kva slags aktivitetar for barn finst det?

Generell omtale

Vi må sjølvsagt også fortelje kva som er bra med Solgløtt camping, og kvifor campingturistane bør velje akkurat oss. Dette bør vere ein meir reklameprega tekst for å "selje" Solgløtt camping, men vi må sjølvsagt passe på at det vi skriv, er sant og realistisk.

Tenk på utanlandske turistar

Til slutt må vi tenkje på at mange campingturistar ikkje les norsk. Vi må derfor få omsett informasjonen. Dei to viktigaste språka er engelsk og tysk.

Ikkje forsøk å omsetje sjølv. Bruk alltid ein profesjonell omsetjar, sjølv om det kostar litt ekstra. Ei dårleg omsetjing gir inntrykk av at vi er useriøse, og det kan føre til misforståingar.

Tenk også på at det må gå tydeleg fram at prisane er oppgitt i norske kroner. Mange nettstader som vender seg til utanlandske turistar, har ein valutakalkulator saman med prislista, slik at gjestene enkelt kan rekne om til sin eigen valuta. Det finst fleire nettstader som tilbyr denne tenesta, til dømes Valutakalkulator.net eller GoCurrency.com.

Planlegginga av nettsidene startar med å bestemme kva slags informasjon som må vere med. Da må vi prøve å setje oss inn i situasjonen til kundane og spørje oss sjølve kva som er viktig for dei.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 28.12.2018

Læringsressursar

Webdesign