Hopp til innhald

Fagstoff

Verdas viktigaste informasjonskanal

Internett er verdas viktigaste informasjonskanal, og potensielle kundar ventar at alle seriøse reiselivsbedrifter har eigne nettsider.
Skjermbilde av googlesøk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor nettside?

Dei fleste bruker Internett aktivt når dei skal ut og reise. Dei planlegg turen, bestiller billettar, reserverer overnatting og sjekkar opningstider og prisar på attraksjonar og aktivitetar.

Alle reiselivsbedrifter treng derfor eigne nettsider. Sjølv om vi kanskje ikkje sel varer eller tenester direkte over Internett, gjer vi det indirekte ved å presentere oss sjølve og det produktet vi tilbyr.

Ved å ha eigne nettsider er vi dessutan alltid tilgjengelege. Kundane kan finne den informasjonen dei treng for å ta avgjerder.

Planlegging

Å lage ei nettside er ikkje vanskeleg, men det er ein del vi må tenkje på. Derfor lønner det seg å planleggje godt. Dersom vi begynner å lage ei nettside utan å ha ei klar oppfatning om korleis ho skal sjå ut, og kva ho skal innehalde, blir resultatet sjeldan bra. Legg merke til at det er forskjell på det å planleggje nettsidene og det å lage dei.

Planlegginga inneber å

  • bestemme kva slags informasjon som skal finnast på nettsidene
  • bestemme korleis sidene skal sjå ut, og korleis dei skal fungere

Å lage nettsidene inneber å

  • lage navigasjon
  • skrive informasjonen
  • velje bilete og eventuelle andre element
  • teste nettsidene

Til slutt må vi sørgje for at potensielle kundar finn nettsidene våre når dei søkjer på den typen produkt eller tenester vi leverer. Arbeidet med dette kallar vi søkjemotoroptimalisering, ofte forkorta SEO (Search Engine Optimalization).

Solgløtt camping

Vi skal sjå på korleis vi går fram når vi utarbeider nettsider, ved å ta utgangspunkt i ein tenkt campingplass – Solgløtt. Dette er ein ganske vanleg campingplass ein stad ved kysten. Solgløtt har plass til campingvogner og bubilar, nokre utleigehytter, toalett og dusj, ein minigolfbane, ein liten butikk og eiga sandstrand.

Dei fleste bruker Internett aktivt når dei skal ut og reise. Dei planlegg turen, bestiller billettar, reserverer overnatting og sjekkar opningstider og prisar på attraksjonar og aktivitetar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 27.12.2018

Læringsressursar

Webdesign