Hopp til innhald

Fagstoff

Naturleg brennevin – marc, grappa, rom og tequila

Både marc, grappa, rom og tequila er det vi kallar naturleg brennevin. Det vil seie at dei får smak av råvara dei er laga på.
Bilete av eit glas med raud sangrita, ein shot med tequila og to båtar lime. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Marc og grappa

Dette druebrennevinet blir tradisjonelt framstilt ved at ein destillerer presserestar (drueskal, kjernar og stilkar) etter vinproduksjon.

Etter at vinen er pressa frå drua, tilset ein vatn i massen som består av drueskal, stilkar og steinar, og så begynner det å gjære igjen. Denne alkoholhaldige væska blir destillert, og det gir eit produkt som i Frankrike blir kalla marc og i Italia grappa. Denne typen brennevin har ein kraftig, skarp smak. Før var dette det brennevinet som vinbonden sjølv drakk, men no har det fått høgare status og langt betre kvalitet. Det har til og med vorte ein motedrikk enkelte stader. I dag blir grappa ofte produsert på éin og éin druesort, og det finst òg fatmodna grappa.

Rom

Råstoffet til rom er melasse, det vil seie avfallsstoff etter raffinering av sukker. Dette blir tilført vatn og "sour mash", som er restar frå førre gjæring (altså det same som vi gjer med surdeig). Når dette blir destillert i ein pot still, får ein den originale, brune jamaicarommen. I dag nyttar ein i større grad kolonneapparat, som gir eit blankt, nøytralt produkt som Bacardi. Dessutan finst det ein del blandingar mellom desse to typane. Rom kjem opphavleg frå landa i Vestindia – Jamaica, Puerto Rico, Cuba, Trinidad og Martinique – men blir no òg laga i fleire andre land, mellom anna i Mellom-Amerika.

Tequila

Tequila kjem frå Mexico og blir laga av safta frå agavekaktus. Etter tre til fem dagars gjæring blir væska destillert to gonger i ein pot still. Det finst to typar tequila: Den eine er klar og ulagra. Den andre er gyllen og lagra på eikefat i to til fire år. Meksikanarane drikk tequilaen bar med salt og sitronsaft til.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2021

Læringsressursar

Brennevin