Fagstoff

Annet brennevin

Genever og vodka

Publisert: 11.10.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Kollasj: Annet brennevin

Genever

DestilleringsapparaterDestilleringsapparater 

I utgangspunktet blir genever laga som eit naturleg brennevin av malta korn. Framgangsmåten er nokså lik framgangsmåten for whisky. Etter to destillasjonar i to litt forskjellige alambicar får vi eit produkt som blir kalla maltvin. Dette blir destillert saman med einerbær og andre urter i ein styrke på cirka 50 prosent.
Kollasj: Genever

Det finst to typar: oude (gammal) som er fyldig og lagra 2–3 år på eikefat, og junge (ung) som er blanda ut med nøytralt brennevin.

Hovudbyen for genever er Schiedam i Nederland, som frå gammalt av var importhamn for korn. Mange norske sjøfolk blei kjende med drikken der. Han blei lenge sedd på som ein «medisin» som hjelpte mot det meste. Genever blei før seld på leirflasker og fanst i mange norske heimar. Fekk ein ei kraftig forkjøling, tok ein ein drink når ein la seg. Hadde ein ei tom geneverflaske, blei ho brukt som varmeflaske ved sengeenden. Då ble ein varm både i hovud og på tær.


Vodka

Russland og Polen diskuterer kven som var først ute med å framstille vodka, men Russland er i alle fall storprodusent og -forbrukar. Vi veit det er blitt framstilt vodka sidan 1500-talet og då som eit naturleg kornbrennevin (medisin) ved klostera. Seinare kom kommersielle interesser inn, og no blir vodkaen produsert på kolonneapparat, og væska blir reinsa ekstra gjennom aktivt kol. Dette fjernar mykje aroma og smak. Vanleg vodka er altså eit svært nøytralt brennevin, men etter kvart har vi fått mange typar som er smaksette med forskjellig, altså aromatiserte. Vodka blir produsert over heile verda, med mange forskjellige råvarer som utgangspunkt.

Kollasj: Vodka

Relatert innhald