Fagstoff

Regionane i California

Publisert: 09.10.2013, Oppdatert: 05.03.2017

bilde av Vinmarkene til Edna Valley vingårdVimarkene til Edna Valley vingård

bilde over vinområder i californiaKart over vinområda i California.

Vi kan seie at vinregionane ligg nord, aust og sør for San Francisco, som ligg ute ved Stillehavskysten. Regionane som er rekna for å vere dei beste, ligg nord for byen, men det begynner òg å komme mykje bra frå sør. Dei beste regionane ligg òg ute langs kysten. Her kjem svalande havvind som gjer at temperaturen ikkje blir for høg. Frå kysten stig landskapet opp til eit fjellplatå og søkk så nedover mot Central Valley.

Central Valley (sone 4-5)

Central Valley er den største vinregionen i California. Denne dalen går i retning nord til sør gjennom heile staten. Her blir over 80 prosent av vinen produsert, og her finn vi Gallo, USA sitt største «winery» (vinfabrikk). Det blir for det meste produsert enkel bordvin og ein del sterkvin.

Napa (sone 3)

Napa er rekna for å vere den beste vinregionen i California. Kjende AVA-område er Carneros, Stag's Leap, Oakville og Rutherford. Kjende produsentar er Robert Mondavi, Beaulieu, Stag's Leap Wine Cellars, Beringer, Inglenook (bra alkoholfri òg) og Spring Mountain.

Bilde kollasj fra vinmarkene i Napa Valley, California.  

Sonoma (sone 2-3)

Sonoma er òg ein av dei beste regionane med ein del topp-produsentar. Kjende AVA-område er Sonoma County, Sonoma Valley, Russian River, Alexander River, og ein del av Carneros eller los Carneros ligg òg i Sonoma. Produsentar: Mest kjend er vingodset Buena Vista som blei grunnlagt av Agoston Haraszthy for snart 150 år sidan. Andre er Simi Winery, Sebastini, Clos du Bois, Kenwood og Iron House.
Bilde av en gammel Zinfandel-vinstokkGamal Zinfandel-vinstokk

Mendocino (sone 3-4)

Mendocino er den nordlegaste av regionane. Sjølv om han ikkje er så berømt som dei to over, har han ein del kjende namn, som Fetzer i Redwood Valley med kraftfull Zinfandel og andre vinar. I Anderson Valley har ein del firma slege seg ned og lagar musserande vin.

North Central Coast (sone 1-2)

North Central Coast ligg sør for San Francisco. Distrikta her ragar nok ikkje så høgt som dei nord for byen, men vi kan finne fleire utmerkte vinar her òg. Kjende produsentar er Wente Brothers i Livermore, Almadèn og Mirassou i Santa Clara og Paul Masson i Monterey. Kanskje bør vi spesielt nemne Ridge Vineyards i Santa Cruz. Firmaet er no representert med nokre vinar i Noreg. Dei kostar frå vel 300 kroner til opp mot tusenlappen og bør lagrast i 5–20 år.

Druer

Dei fleste kjende europeiske druene er representerte. Det blir laga meir og meir eidruevinar, men bortsett frå det står eigentleg produsenten fritt til å blande dei druene han vil. Ein kan altså oppleve blandingar vinlovane ikkje ville tillate i Europa.   

Framleis er Mission-drua i bruk, men det er Zinfandel som er californiadrua. Ho er høgt verdsett, mykje utbreidd og er svært tenleg. Ho blir brukt både til kvitvin og rosévin (White Zin), men det er som raudvin ho scorar. Ho hadde lenge eit ukjend opphav, men det er no slått fast at ho kjem frå den italienske drua Primitivo.

Ulike druesorter
Californisk vin har ofte meir smak enn tilsvarande vinar i Europa. Nokre er så smaksrike at enkelte vinskribentar i Europa meiner dei overdøyver maten og heller bør brukast som «kosevin». Dette temaet blir stadig diskutert. Men Craig Whitson som driv restaurant i Stavanger, har nok eit poeng når han seier at han går svært godt til amerikansk mat (og til ein god del europeisk òg).

Til mat

Kollasj: Mat som passer til vin fra California: Stekt fisk, røkt makrell fiskekake med ertepure og lammecarre med auberginekarri.

I USA finst ei samanblanding av menneske frå heile verda. I nokon grad tek ein vare på sin eigen mattradisjon, medan i andre samanhengar er det blitt ei samansmelting av fleire kulturar. Nokre eksempel er cajun og kreolsk mat. Her finst det påverknad frå spansk, portugisisk, fransk, canadisk, afrikansk og gjerne òg indiansk og meksikansk mat. Dette gir mat med spennande smakar, bruk av eksotisk krydder, sitrus, diverse frukter, lønnesirup og blanding av sjømat og kjøtt.

Steikt fisk med lime/sitron-kremsaus. Syra her vil gå godt med californisk Fumé Blanc (Sauvignon Blanc).

Røykt fisk med lønnesirup, pepar og laurbærblad krev ein kraftig kvitvin som californisk Chardonnay.

Dessutan er amerikanarane flinke med grilling, og til marinert lam eller okse med barbeque-krydder går det bra med Zinfandel eller californisk Cabernet Sauvignon.

Relatert innhald