Fagstoff

Sør-Amerika, Chile og Uruguay

Publisert: 10.10.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Kollasj: vinproduksjon i Sør-Amerika

Chile

 

Kart over vinområdene i Chile.Kart over vinområda i Chile. 

Chile har felles grense med Argentina på vestsida av Andesfjella. På same måten som i Argentina er det tørt, og dei bruker mykje kunstig vatning med vatn frå fjella. Temperaturen er likevel i snitt noko lågare. Produksjonen er den nest største i Sør-Amerika og er rekna for å vere den beste. Det er det einaste vinlandet i verda som ikkje har hatt problem med vinlusa. Druestokkane treng derfor ikkje podast på andre røter, og ein ser at det er mogleg å få endå betre kvalitetar enn dei som allereie finst.

Vinstilen er klart franskinspirert, og sett vekk frå Pais (Mission), som blir brukt til bordvin, er det hovudsakleg franske druer som blir nytta til kvalitetsvin. Det er raudvin som dominerer, men Chile har lukkast betre enn Argentina med å få fram gode kvitvinar. Låg pris og god kvalitet gjer at landet har gjort det bra på eksportmarknaden dei seinare åra. I Noreg er det eit av dei landa som er best representerte.


Kollasj: Bilder fra vinproduksjon i Chile. Et glass med rødvin ute på marken og to menn som arbeider. 

Regionane

Dei beste regionane ligg nord og sør for hovudstaden Santiago. Best kjend er Maipodalen, men Maule, Casablanca og Central Valley har òg blitt populære. 

Vi er blitt kjende med mange gode produsentar, som Concha y Toro, Canepa, Santa Rita, Santa Carolina, Casillero del Diablo i tillegg til ei heil rekkje andre som kjem til etter kvart.

Druer

Raudvin: Forutan Pais til bordvin bruker ein i hovudsak Cabernet Sauvignon og Merlot til kvalitetsvin. Dei to gir jamt over fruktige og fyldige vinar. Nokre har òg eit bra eikepreg.

Kvitvin: Her er det Chardonnay og Sauvignon Blanc som dominerer. Dei gir tørre og aromatiske vinar.

Som sagt er vinane franske i stilen, så bruken blir mykje den same som tilsvarande druer der.

Uruguay

Uruguay har produsert vin i eit par hundre år, men det er berre 5–6 år sidan dei begynte å eksportere noko særleg. Sidan landet er så nytt som eksportør, veit vi eigentleg lite om det. Vin blir produsert fleire stader i landet, men den største regionen ligg ute ved kysten rundt hovudstaden Montevideo. Den mest brukte drua er Tannat. Ho er opphavleg fransk, og på same måten som Malbec i Argentina er det ei drue som ikkje betyr noko særleg i Frankrike. Men Uruguay har gjort henne til «si» drue. Her yter ho maksimalt og gir fruktige og fyldige vinar med bra tannin. Elles blir Cabernet Sauvignon og Malbec mykje brukt. Det skal bli spennande å lære vin frå Uruguay betre å kjenne.

Kollasj: Uruguay 

Til mat

Kjøtt blir ofte grilla på trekol i Sør-Amerika, vin frå Tannat burde gå bra til grillmat og dessutan til smaksrikt lammekjøtt og småvilt.

Annet

I dei varmaste landa i Sør-Amerika kan det vere vanskeleg å få den vanlege drueplanten Vitis vinifera til å trivast. Då lukkast ein bra med hybriden Isabella. Det vil seie ein krysning mellom ein vinifera-art og Vitis labrusca som er ein etterkommar av dei ville druene som fanst på austkysten av Nord-Amerika.

Relatert innhald