Fagstoff

Sør-Amerika, Argentina

Publisert: 10.10.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Kollasj: Argentina

Historikk

Kart over vinområdene i ArgentinaKart over vinområda i Argentina. 

 

bilde av vinmark i Mendoza ArgentinaVinmark i Mendoza.

Spania og Portugal delte Sør-Amerika mellom seg, spanjolane tok vestsida sørover (Colombia, Ecuador, Peru og Chile), medan portugisarane tok austsida (Brasil og nedover mot Argentina). Dette skjedde frå byrjinga av 1500-talet og opp mot 1600. Sjølv om ekvator med den varme sona går gjennom kontinentet, kan det dyrkast vinplantar i høgare fjellområde der det er passe temperatur. Heilt opp til vår tid er det Mission-drua som har vore dominerande, men under namnet Pais eller Criolla. I dag blir det laga vin i dei fleste landa i Sør-Amerika i større og mindre grad, men vi tek berre for oss dei landa som er representerte med vin her i landet.

Argentina

Argentina er den største vinprodusenten i Sør-Amerika og nummer fire på verdsbasis. Vinregionane i landet ligg stort sett på austsida av Andesfjella som strekkjer seg frå sør til nord på kontinentet. I desse områda er det nokså varmt og lite regn. Derfor er det nødvendig med kunstig vatning med smeltevatn frå fjella. Criolla-drua er framleis mykje brukt til dagleg vin, men dei fleste edle europeiske druetypane er representerte i landet. Særleg har franske Malbec oppnådd godt ry. Her gir ho fylde, frukt og friskleik som ingen andre stader i verda.

Mendoza

Regionen Mendoza ligg ved foten av Andesfjella rundt byen med same namnet. Regionen er den klart største med 70 prosent av vinproduksjonen i landet. Det er raudvin som dominerer, sjølv om det òg blir produsert både kvitvin, musserande vin og sterkvin. Her blir det òg laga ein god del smaksrik og fyldig vin av druene Malbec, Cabernet Sauvignon og Syrah eller ei blanding av desse, men òg nokre lettare vinar, med mindre tannin. Særleg kjend er eigedommen Trapiche som tidleg begynte å eksperimentere med forskjellige europeiske druer.

San Juan

San Juan er den nest største regionen og står for cirka 20 prosent av vinproduksjonen. Regionen ligg nord for Mendoza og har eit varmare klima som gir betre forhold for sterkvinsproduksjon. Elles er produksjonen og druebruken mykje den same som i Mendoza. 

Desse to regionane har altså cirka 90 prosent av vinproduksjonen i Argentina, så sjølv om det òg blir produsert god vin i dei andre regionane, er det altså lite i omfang.

Druer

Kollasj: MalbecdruerHausting av malbecdruer. 

Raudvin: Criolla (Mission) og Malbec er dei to største, men òg Cabernet Sauvignon, Syrah, Pinot Noir, Barbera og Tempranillo gir bra resultat.

Kvitvin: Sjølv om kvitvinsproduksjonen ikkje kjem opp mot raudvinsproduksjonen, er han på frammarsj med druer som Sauvignon Blanc, Chardonnay og Chenin Blanc. Sterkvin: Malvasia, Muskatell

Til mat

Argentina er kjent for å ha saftige biffar og T-bone-steiker som dekkjer ein stor tallerken. Til dette drikk ein sjølvsagt Malbec, gjerne blanda med noko Cabernet Sauvignon. Til kraftigare mat med meir smak og krydder går gjerne ein malbecvin med innblanding av Syrah.
Flambering av biff. Biffmiddag og T-benstek med bakte tomater og selleripure.  

Relatert innhald

Fagleg