Hopp til innhald

Fagstoff

Afrika

På det afrikanske kontinentet blir det produsert vin heilt i sør og heilt i nord.
Foto av arbeidarar i ei vinmark med skog i bakgrunnen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sør-Afrika

Kart som viser vinområda i Sør-Afrika.

Dei første vinstokkane kom til Sør-Afrika omkring 1660, men det var først tjue år seinare, då Simon van der Stel vart sjef for det nederlandske ostindiakompaniet, at det vart fart på dyrkinga. van der Stel grunnla Stellenbosch, som den dag i dag er eit av dei mest kjende vinnamna i Sør-Afrika. Constantia, eit anna kjent vinnamn, vart også etablert på den tida. Saman med Paarl er dette dei tre beste og viktigaste distrikta.

Vinregionane ligg stort sett i ei vifteform ut frå byen Cape Town, men det ligg også nokre regionar inne i landet. Kooperativet KWV har vore den klart største produsenten i landet, men det kjem stadig til fleire private, mindre produsentar.

Druer

Kvitvin utgjer størstedelen av produksjonen. Drua Steen (Chenin Blanc) er mykje brukt, men også Chardonnay, Sauvignon Blanc og Riesling (særleg til edelròte) kan gi gode resultat. Edelròtevinane får nemninga late harvest.

Foto av druehausting. Drueplukkarar tømmer bøtter med blå drueklasar over på eit lasteplan.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når det gjeld raudvin, bør vi først nemne Sør-Afrika si eiga spesielle drue Pinotage. Ho er ein krysning mellom Pinot Noir og Cinsault som dei er veldig stolte av. Drua gir vanlegvis ein djup raud vin med bra frukt og middels tannin, men fylden kan variere noko. Det blir laga ein del bra vinar av Merlot og Cabernet Sauvignon, og Shiraz og Pinot Noir er det også ein del av.

Til mat

Dei lettaste pinotagevinane går til lyst kjøt, fjørfe, orientalsk mat og ost. Dei med meir fylde og tannin går godt til storfe og grillmat, og nokre går til viltrettar òg.

Dei fleste kvitvinane er tørre. Steen går til aperitiff, skaldyr og fisk, og nokre går også til orientalsk mat, alt etter tørrheit, fylde og frukt.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Andre vinområde