Hopp til innhald

Fagstoff

Franken-regionen og tysk vin til mat

I regionen Franken ligg Würzburg, ein av dei mest kjende vinbyane i verda. Her finst det nokre fantastiske vinkjellarar med flotte gamle vinar, mellom anna ein frå 1778 og ein frå 1540.

Franken

Kart som viser vindistrikta i Tyskland.

Elva Main renn ut i Rhinen ved byen Mainz i Rheinhessen. Dreg vi austover langs elva, kjem vi til regionen Franken med byen Würzburg, som er ein av dei mest kjende vinbyane i verda. Her finst det nokre fantastiske vinkjellarar med flotte gamle takmåleri og flotte gamle vinar, mellom anna ein frå 1778 og ein frå 1540. Vinen frå 1540 vart prøvesmakt for nokre tiår sidan og var då fullt drikkeleg! Dette er veldig søte vinar, og sukker aukar haldbarheita og fungerer som konserveringsmiddel.

Franken er ikkje lenger kjend for søte vinar, tvert imot er det dei tørre vinane som pregar regionen. Dei er friske og smaksrike, og det blir sagt at dei liknar på burgunder. Dei blir tappa på spesielle flasker, bocksbeutel. Det er flate flasker med rund form, som minner om dei som blir brukte til kvitvin og rosévin i Minho i Portugal. Den mest berømte vinmarka heiter Stein og ligg i Würzburg. Dette har ført til at mange kallar all frankenvin for Steinwein, noko som altså eigentleg ikkje er rett. Dei mest brukte druene er Müller-Thurgau og Sylvaner.

Tysk vin til mat

Når vi skal anbefale mat til tysk vin, må vi ta omsyn til både druer og søtleiksgrad. Dette gjer at vi kanskje heller bør vurdere den enkelte vinen enn regionen, men noko generelt kan vi seie.

Moselvin

Dei tørre og halvtørre vinane frå Mosel passar til skaldyr og fiskerettar som ikkje er for kraftige. Dei halvtørre passar til skaldyrcocktail og fisk med litt meir smak, orientalsk mat og buffé.

Rhinskvin

Vinar frå områda langs Rhinen kan brukast omtrent som moselvin, men større fylde gjer at dei kan tole noko meir smaksrik mat. Vin frå distrikta Rheinhessen og Rheinpfalz er ganske robuste og går til fisk, fjørfe og orientalsk mat.

Frankenvin

Frå Franken-regionen kjem tørre vinar som passar til skaldyr og fisk.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Vinområde i Tyskland