Fagstoff

Tysklands vinlov

Publisert: 09.10.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Bilde av et lite vinområde et såkalt Einzellage.Einzellage, den minste einga i oppdelinga av Tysklands vindistrikt. Må minimum vere på 5 hektar, men regelen kan omgåast. Dei dyraste tyske vinane er alltid Einzellage-kvalitetar. 

Vinloven

bilde av en vinetikett fra tysklandVinetikett fra Tyskland

  

Ulike hvitviner fra TysklandUlike hvitviner fra Tyskland

Vinloven er under redigering, men inntil vidare gjeld følgande:

Deutcher Tafelwein

Tysk bordvin. Sukker er tilsett. Det finst fire regionar eller Weinbaugebiete.

Deutscher Landwein

Vinen kjem frå eit bestemt geografisk landområde og svarer til franske vin de pays. Vinen er gjerne noko tørrare enn Tafelwein og er tilsett sukker. Det er 15 slike område.

Qualitätswein bestimmter Anbaugebiete (QbA)

Dette vil seie kvalitetsvin frå eit bestemt dyrkingsområde. Vinen må ha vore gjennom ein kvalitetskontroll. Denne vinen kan vere tilsett sukker. Det finst 15 slike Anbaugebiete. Desse kan så delast inn i mindre område: Bereiche som er sette saman av fleire Grosslage, som igjen kan ha fleire Einzellage.

Qualitätswein garantierten Ursprungs (QgU)

Denne klassen var ny i 1994, og det blir garantert at 100 prosent av druene kjem frå det området som er oppgitt på etiketten. Same regionar som QbA.

Qualitätswein mit Prädikat

Kollasj: Vinloven i Tyskland 

 

Produksjon av isvin. Druer påvirket av edelråte. Vinflaske.

For vinar i denne klassen er det ikkje lov å tilsette sukker. Dei må altså ha oppnådd sukkerinnhaldet sitt på naturleg måte, ved modning. Prädikat set vi om til tilleggsnemning. Det finst seks ulike nemningar. Desse er:

Kabinett: Dette er den lågaste av tilleggsnemningane, men ligg noko over QbA i kvalitet. Druene må vere så modne at dei inneheld nok sukker, altså normalt modne druer. Vinane kan vere frå tørre til litt søtlege.

Spätlese: Dette betyr «seint innhausta druer». Druene har blitt meir modne enn kabinett. Vinane kan ofte vere søtlege, men vi finn òg halvtørre og nokre tørre vinar. Dette er gjerne vinar med god balanse. 

Auslese: Dette vil seie «utvalde druer». Druene er no begynt å bli overmodne, men dårlege druer blir plukka vekk. Vinane er søte og har bra med smak og fylde. 

Beerenauslese: Blir sett om til «spesielt utvalde bær (druer)». Druene er angripne av edelròte (Botrytis cinerea) som vil seie at vatnet er begynt å fordampe. Druer som er angripne av edelròte, blir plukka for seg. Vinane er alltid søte med rik smak og fylde. 

Trockenbeerenauslese: Blir sett om til «tørre, utvalde bær». Druene er no skikkeleg påverka av edelròte og er skrumpa inn så dei liknar rosiner. Dei er skrumpa inn fordi mesteparten av vatnet er fordampa. Slike druer blir plukka enkeltvis. Sukkerinnhaldet er dobbelt så stort som i vanlege druer. Det vil seie at når gjæringa tek slutt, er det enno mykje sukker att, og det blir ein svært søt vin med mykje fylde og smak. Vinane er både sjeldne og dyre. 

Eiswein: Blir sett om til «isvin». Han blir laga av druer som heng så lenge på vinstokken at det tek til å bli nattefrost. Innhaustinga går føre seg om morgonen når temperaturen er −6 ºC eller lågare. Druene blir pressa mens vatnet er frose til is, og det blir ein most med høg sukkerkonsentrasjon akkurat som med edelròtevinane. Slike vinar blir ikkje laga kvart år, for både rett temperatur og vekstforhold må vere til stades. Desse vinane blir òg sjeldne og dyre. 

Prädikat: Dei fem første predikata blir rekna som kvalitetsklassar, mens Eiswein berre er ei nemning eller ein raritet som tyskarane seier. Ein kan altså få Beerenauslese Eiswein eller Auslese Eiswein.

Relatert innhald