Fagstoff

Vakuolar, lysosom og peroksisom

Publisert: 08.10.2013, Oppdatert: 02.08.2017
Modell av plantecelle

Store og små væskefylte membranblærer (vesiklar) utan indre struktur inneheld aktive enzym (protein) som utfører viktige prosessar i cellene. Dei store vakuolane finst først og fremst i planteceller, men mindre vakuolar kan òg finnast i somme dyreceller, soppceller og bakteriar. Utvalet av vesiklar varierer med celletypen. Lysosom finst antakeleg berre i dyreceller, mens dei små peroksisoma utfører viktige nedbrytingsprosessar både i plante- og dyreceller.

Mikroskopbilde av plantecelle med stor saftspenning.Plantecelle med stor vakuole og kloroplastar. Vakuolane, også kalla saftrom, kan fylle opptil 90 prosent av volumet i modne celler. 

Modne røde rips.Rips. I modne bær er kvar vakuole så stor at han fyller det meste av cella. 

Mikroskopbilde av torvmose med spesielle kammer for vannlagring.Torvmoseceller med ekstra rom for vasslagring utanom cellene. Dette gjer det mogleg for torvmosar å ta opp 40 gonger si eiga vekt i vatn. 

Cellemembranene har løsnet fra celleveggene på grunn av at cellene har mistet vann. Når turgotrykket blir så lavt, dør cellene.Plasmolyse i løkceller. Cellemembranen har losna fra celleveggen på grunn av lågt væsketrykk (saftspenning) i vakuolane. Dette kan skje ved overgjødsling eller saltpåverknad. Plasmolyse fører til celledød. 

 


Forsøk – plasmolyse

Studer tynt cellevev som løkhud (gjerne raudløk), fagermose eller hud frå bær i mikroskop. Tilset saltløysning til preparatet og sjå kva som skjer.


 

 

To lysosomer med delvis nedbrutte celleorganller inni.Mikroskopbilete av lysosom med restar av nedbrotne celleorganellar. 

 


Forsøk – katalase

Legg litt vev frå nyre eller lever (eventuelt kjøtt eller blod) i ei petriskål og hell på litt hydrogenperoksid (H2O2). Hald ei tent fyrstikke over petriskåla. Kva skjer? Kvifor?


 

 

Vakuoler dannes ved membranavsnøringer.Endocytose.

Vakuolar i planteceller

Vakuolar er væskefylte blærer som er omgitte av ein membran (tonoplast). Unge celler i delingsvev har gjerne mange små vakuolar som seinare smelter saman til ein stor vakuole i modne celler. Væska i vakuolane inneheld ei mengd oppløyste stoff, som uorganiske ion, gassar, karbohydrat, organiske syrer, enzym og fargestoff.

Vakuolar i planteceller kan ha fleire funksjonar:

  • Vakuolane regulerer vassbalansen i cella. Den høge konsentrasjonen av oppløyste stoff i vakuolen trekkjer til seg vatn ved osmose. Plansje som viser tre ulike osmotiske tilstander i planteceller.Turgortrykk (saftspenning) i planteceller.Vakuolen eser ut og skaper eit trykk mot cytoplasma og cellevegg. Denne saftspenninga (turgotrykket) gir stivleik og støtte som medverkar til å halde planten oppreist. Ved for lite tilgang på vatn blir trykket lågare, og plantar som ikkje er vedaktige, blir slappe (visnar).
  • Vakuolen fungerer som eit lagringsdepot for ulike organiske sambindingar til seinare bruk, og som lager for avfallsstoff.
  • Vakuolen regulerer stofftransporten mellom væska i vakuolen (cellesafta) og cytoplasma.
  • Vakuolane fungerer som reaksjonsrom og fyller rolla som lysosom. Vakuolane inneheld enzym som spaltar bestemte organiske sambindingar, og er derfor viktige for stoffomsetninga til cella.
  • Somme planteceller produserer giftige stoff som blir lagra i vakuolen, noko som fører til at planten smaker vondt eller blir giftig. Dette verkar avskrekkande på planteetarar og aukar overlevingsevna til planten.
  • Erteblomster og asters i rosa og fiolette farger.Blomar farga av antocyanin (pigment løyste i vakuolen).Vakuolane kan innehalde oppløyste pigment (antocyanin) som gir farge til blomar, frukt og bær. Desse fargane kan i nokon grad vere påverka av pH i jordsmonn og nedbør. Nokre av haustfargane på blad skriv seg frå auka produksjon av antocyanin som kjem til syne når klorofyllet blir brote ned.

Lysosom

Lysosom er små membranblærer som fungerer som reinhaldsverk i dyrecella. Dei er avsnørte frå golgiapparatet og inneheld spesielle enzym (cirka 50 ulike lysozym). Desse kan bryte ned alle typar makromolekyl, giftstoff, bakteriar, slitte organellar og celler som er skadde eller døde.

Lysosom blir kalla "selvmordsorganellar" fordi dei slepper enzyma ut i cytoplasmaet og bryt ned slitte og døde celler. Dette kallar vi autolyse. Under fosterutviklinga er lysosoma viktige for å få brote ned vev som skal fjernast, som huda mellom tær og fingrar.
Mikroskopbilde av et hvitt blodlegeme.Makrofag med mange lysosom.Når fagocyttar, eincella organismar eller andre celler tek inn partiklar ved endocytose, vil lysosom smelte saman med næringsvakuolen slik at enzyma kan bryte ned innhaldet til mindre byggjesteinar. Lysosoma finst i store tal hos dyreceller (spesielt mange i fagocyttar), mens plantar har vakuolar som fungerer som lysosom.

Peroksisom

Tegning av kloroplast og peroksisomer.Kloroplast og peroksisom (små blå organellar). I plantar er peroksisoma mellom anna viktige for feittsyremetabolisme, avgifting og immunforsvaret til plantane.          Peroksisom er små membranblærer som er mindre enn lysosoma og finst i alle eukaryote celler. Dei inneheld enzym som bryt ned mindre molekyl som feittsyrer og aminosyrer. Dei er derfor viktige for stoffskiftet. Når feittsyrene er delvis brotne ned, blir dei sende vidare via cytoplasmaet til mitokondriane der feittsyrene går inn i celleandinga.

Under nedbrytinga av feittsyrer i peroksisoma blir det danna hydrogenperoksid (H2O2). Det er svært giftig for cella, men blir raskt danna om til oksygen og vatn ved hjelp av enzymet katalase. Peroksysoma finst i alle cellene i kroppen, men det finst spesielt mange i lever- og nyrecellene.

Endosom

Endosom er membranblærer som blir danna når ei celle tek opp makromolekyl utanfor cella ved endocytose. Innhaldet i endosomet blir forsura ved at H+-ion blir pumpa inn. Endosom kan så fusjonere med lysosom slik at innhaldet blir brote ned.

Oppgåver
Relatert innhald