Fagstoff

Plastid – kloroplastar, kromoplastar og leukoplastar

Publisert: 02.10.2013, Oppdatert: 01.08.2017
Kloroplast

Plastida er små avrunda organellar som er omgitte av ein dobbel membran. Dei finst berre i planteceller og manglar altså hos bakteriar, sopp og dyr. Det er tre hovudtypar plastid: kloroplastar, leukoplastar og kromoplastar, men alle er utvikla frå proplastid som allereie finst i eggcella. Ein type plastid kan dannast om til ein annan type – som når grøne kloroplastar blir til raude kromoplastar i ein moden tomat.

Plansje som viser utviklingsmulighetene til proplastider.Proplastid reproduserer seg sjølve ved todeling (binær deling) og gir opphav til mange typar plastid. Alle plastida i ein plante har det same genomet (arvestoffet). 

Tett bladverk gjennomlyst av solstråler.Kloroplastar finst berre i fotosyntetiserande vev. Ei vanleg plantecelle inneheld 20–50 kloroplastar. Dette kan gi opptil 500 000 kloroplastar per kvadratmillimeter av eit blad. 

Plantecellene skil seg frå dyreceller ved at dei har plastid, cellevegg og vakuolar.

 

Et mitokondrium og en kloroplast side om side.Både mitokondriane og kloroplastar produserer ATP, men dei har ulike energikjelder. Kloroplastane bruker lysenergi, mens mitokondriane må bruke kjemisk energi frå organiske molekyl som andre organismar har laga. 

Tegning av trverrsnitt gjennom et lauvblad.Snitt gjennom eit blad. Kloroplastane er dynamiske. Dei kan danne utvekstar som binder dei saman med andre kloroplastar, og bevege seg i cella ved hjelp av cytoskjelettet for å få gunstige lysforhold. 


Forsøk:

Fargelegg litt plantevev med jodløysning og studer stivelseskorn i mikroskop. Samanlikn for eksempel potet, eple og banan.


 

Haustfargar 

 

Sidensvans spiser rognebær og admiralsommerfuglen suger nektar i fløyelsblomst.Dei gule, oransje og raude fargane som kromoplastar gir blomar, frukt og bær, verkar tiltrekkjande på dyr. Det er viktig for både pollinering og frøspreiing. Fuglar spreier frø, og insekt pollinerer mens dei sankar mat. 

En grønn umoden tomat og to røde modne tomater.I dei modne tomatane har kloroplastane blitt danna om til kromoplastar.

Plastid

Proplastid

Proplastida blir overførte til neste generasjon med eggcellene. Dei deler seg og veks med cella, men delinga sluttar når plastidet er ferdig utvikla (spesialisert). Det er plasseringa til cella i planten som avgjer om proplastida skal utvikle seg til kloroplastar, kromoplastar eller leukoplastar. Proplastida er på størrelse med ein mitokondrie. Dei kan lage protein sjølve fordi dei inneheld eige DNA og eigne ribosom. Dei fleste proteina i plastida kjem likevel utanfrå.

Les om evolusjonsmessig opphav

Opphav

Tegning av hvordan man tror opprinnelsen til mitokondrier og kloroplaster var.  Ein går ut frå at plastida har utvikla seg frå prokaryotar som blei tekne inn i primitive forløparar til eukaryote celler. Plastida har, som mitokondriane, eigne ribosom av bakterietypen, eige sirkulært DNA og formeirar seg ved deling. Desse organellane står i ei særstilling fordi dei sjølve kan produsere ein del protein frå eige DNA (sjå Endosymbioseteorien).

skjul

 

Kloroplastar

Det er i kloroplastane fotosyntesen går føre seg. Her blir energi frå lyset og karbondioksid frå lufta brukte til å danne ATP, oksygen og glukose. Det er pigmenta klorofyll og karotenoid som fangar opp energi frå lyset. For at denne energien skal lagrast som ATP og glukose, trengst svært mange aktive protein og enzym, mellom anna enzymet rubisko, som kan binde CO2 frå lufta.
Tegning av kloroplast med grana, stroma og eget DNA.Kloroplast – struktur.Kloroplastane har to membransystem. Eit ytre membransystem av to membranar sluttar kring det væskefylte rommet stroma. Det indre membransystemet består av flate og breie membranar kalla thylakoidmembranar. Når desse thylakoida er samla som flate membransekker i ein stabel, kallar vi dei granum (fleirtal: grana).
Sol skinner på grønt blad. FotosynteseKlorofyllet er ein del av thylakoidmembranen. Her blir energien frå blått, fiolett og raudt lys gjord om til kjemisk energi i ein biokjemisk prosess.

I stroma blir dei energirike sambindingane brukte til å binde CO2 frå lufta og til å byggje glukose. Glukosen blir lagra som stivelse og fungerer som eit energilager.Karbondioksid pluss vatn gir ved hjelp av lysenergi og enzym, glukose og oksygen.Fotosyntese - reaksjonsligning  

Leukoplastar

Leukoplastar (kvitkorn) er eit samlenamn for fargelause plastid. Leukoplastar som kan danne om sukker til stivelse og lagre stivelse, kallar vi amyloplastar. Dei er spesielt vanlege i frø og røter. Leukoplastar kan òg vere fylte med olje eller protein.
Amyloplastar i potet med jodfarga stivelseskorn. Foto.Amyloplastar i potet med jodfarga stivelseskorn. Kvar amyloplast inneheld eit eller fleire stivelseskorn. Stivelseskorna har ei artsavhengig karakteristisk form. Hos potet er dei ovale, hos bygg, rug og kveite er dei runde eller linseforma.

Kromoplastar

Mange oransje gulrøtter.Gulrot har kromoplastar som inneheld mykje betakaroten. Kromoplastar (fargekorn) inneheld karotenoid (pigment) som gir gule, oransje og raude fargar på blomar, frukt, bær, grønsaker og røter. Andre fargar på plantar skriv seg frå anthocyaninar – vassløyselege pigment som er løyste i vakuolen. Raud farge på blomar og frukt kan komme frå kromoplastar eller anthocyaninar.

Plastida kan endre rolle

Eksempel:

  • Planse som viser hvordan plastider kan endre seg. Når poteter blir utsette for lys, blir kvite leukoplastar med stivelse danna om til grøne kloroplastar.
  • Ved modning av appelsinar, tomatar og bananar blir grøne kloroplastar til gule, oransje eller raude kromoplastar.
  • Etioplastar er plastid hos blomeplantar som har spirt i mørket. Når planten får lys, vil etioplastane formast om til kloroplastar.
Oppgåver

Aktuelt stoff

Praktisk stoff

Generelt

Relatert innhald