Oppgåve: Drøfte

Albert Einstein: Verda slik eg ser ho

Publisert: 01.10.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Portrettbilde av den sveitsiske fysikeren Albert EinsteinAlbert Einstein (1879–1955).

Introduksjon

Albert Einstein (1879–1955) er ein verdskjend fysikar. Han vart fødd i Tyskland i ein jødisk familie. Då Hitler kom til makta i Tyskland i 1933, emigrerte Einstein til USA, og han vart amerikansk statsborgar i 1940.

 

Einstein bidrog med fleire epokegjerande arbeid til utviklinga av den moderne fysikken, og han fekk nobelprisen i fysikk i 1921.

 

Du skal her lese den korte teksten "Om meininga med livet" og eit utdrag frå teksten "Verda slik eg ser ho". Begge tekstane er henta frå boka Mitt verdsbilete (1934). Du finn dei ved å klikke på lenkja nedanfor.

 

 

 

Oppgåve 1

Spørsmål til tekstutdraga

  1. Kva legg Albert Einstein i det å vere religiøs?
  2. Kva meiner han er formålet med det "korte besøket" vårt her på jorda?
  3. Kva verdiar er det Einstein framhevar som sine ideal? 
  4. Grunngir han oppfatningane og verdiane sine ut frå prinsipp som ligg utanfor han sjølv, eller grunngir han dei ut frå sine eigne erfaringar?
  5. Kva grunnkjensle er ifølgje Einstein kjelda til både kunst, vitskap og religion?
  6. Kva slags tankar har Einstein om Gud og eit liv etter døden?
  7. Er du einig i at det er redsel og egoisme hos menneska som har skapt ønsket om eit liv etter døden?
  8. Einstein bruker mange språklege bilete i dei to tekstane.
    • Finn minst fem gode døme på språklege bilete i tekstane, og forklar med dine eigne ord kva bileta skal uttrykkje.
    • Kva oppnår forfattaren gjennom biletbruken?

 

 

Oppgåve 2

Samanlikn to moderne verdsbilete

Klikk på lenkja nedanfor og les teksten. Det er eit reklamebrev for Alcor – ein organisasjon som tilbyr å fryse ned menneske mens ein ventar på at vitskapen ein gong kan gi dei livet og helsa tilbake. Brevet er frå 1990, og det er skrive av dåverande styremedlem i Alcor, Brenda Peters.


Samanlikn haldninga som Brenda Peters og Alcor-medlemmene har til livet og døden, med det Albert Einstein skriv om det same temaet. Kva forskjellar finn du? Og kva tankar og haldningar appellerer mest til deg? Grunngi svaret.