Oppgåve

André Bjerke: Syndefall

Publisert: 01.10.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Portrettbilde av den norske forfatteren og lyrikeren André BjerkeAndré Bjerke (1918–1985).

 

Introduksjon

 

André Bjerke (1918–1985) var ein norsk forfattar og lyrikar. Han debuterte i 1940 med diktsamlinga Syngende jord. Bjerke var ein svært produktiv forfattar og skreiv innanfor mange sjangrar. I litteratur- og språkdebatten i etterkrigstida var han svært sentral, både som forkjempar for tradisjonell verseform og for riksmålssaka.

 

Diktet "Syndefall" har eit humoristisk skråblikk på forteljinga i Bibelen.

 

 

Oppgåve

"Syndefall" med humoristisk vri

Les side 14–17 i boka Samlede dikt av André Bjerke før du svarer på spørsmåla nedanfor.

 

  1. Kva verknad har eplet frå kunnskapens tre på Eva?
  2. Kva er "moralen" i diktet?
  3. Peik på ord og uttrykksmåtar og på formtrekk i teksten som gir han eit humoristisk preg.
  4. Kva trur du diktaren vil med denne teksten?
 
Relatert innhald