Fagstoff

Endoplasmatisk retikulum (ER) og golgiapparat

Publisert: 25.09.2013, Oppdatert: 05.03.2017
Modell av dyrecelle

Både endoplasmatisk retikulum (plasmanettverket) og golgiapparatet er membransystem med væskefylte kanalar og blærer. Begge har ei rolle i ferdigstillinga av protein, men oppgåvene deira er ulike. Plasmanettverket har viktige transportoppgåver mellom kjernen og ribosoma, mens golgiapparatet driv etterbehandling av protein som kjem frå plasmanettverket.

Mikroskopbilde av celle med mange mitokondrier.Bukspyttkjertelcelle. Mikroskopbiletet viser endoplasmatisk retikulum (mørke gule linjer), mitokondriar (blå) og mange vesiklar med fordøyingsenzym som skal skiljast ut og bryte ned næringsstoff i tynntarmen.    

 

Tydelig RU endoplasmatisk nettverk (med ribosomer) i pattedyrcelle.Pattedyrcelle med plasmanettverk, kjerne og mitokondriar.  

 

Tegning som viser hvordan proteinene fraktes innen cellen og deretter skilles ut.Illustrasjonen viser korleis protein blir frakta i vesiklar frå ER til golgiapparatet, mellom laga i golgiapparatet og vidare ut til cellemembranen. Her smeltar vesiklane saman med cellemembranen og tømmer innhaldet sitt på utsida (sekresjon).   

 

  Mikroskopbilde av celleorganeller. Bukspyttkjertelcelle med golgiapparat (gult) og vesiklar (raude). Fordøyingsenzyma i vesiklane blir aktiverte når dei blir tømde ut i tynntarmen. Golgiapparatet er særleg velutvikla i celler som skil ut sekret (spytt, sveitte, slim og enzym).       

 

Modell av plantecelle med organeller.Golgiapparatet hos plantar blir ofte kalla golgikroppar eller diktyosom. Plantane har mindre sekresjon (utskiljing) enn dyr og derav færre diktyosom. Dei pakkar og skil ut karbohydrat, celleveggmateriale, slim og glykoprotein.        

Vesikkel avsnøres fra golgiapparatet.

Vesikkel avsnørt fra golgiapparatet.
Vesikkelen på vei mot cellemembranen.
Vesikkelen på vei mot cellemembranen.
Vesikkelen i kontakt med cellemembranen.
Vesikkelen tømmer sitt innhold ut av cellen
Eksocytose – sekresjon.   

Endoplasmatisk retikulum (ER) –

plasmanettverk

Plasmanettverket er eit membransystem som består av væskefylte kanalar med membranvegger og blærer. Rommet mellom membranane kallar vi lumen. Nettverket fyller store delar av cytoplasmaet og heng saman med den ytre kjernemembranen. Plasmanettverket er delt inn i eit glatt og eit kornete nettverk. Det blir kalla kornete ER (ru ER) når det er ribosom på overflata, og glatt ER når overflata er utan ribosom.
Tegning av ru og glatt endoplasmatisk retikkulum. Nettverka heng saman med kvarandre, og den eine typen kan gli over i den andre typen. Den relative mengda av ru og glatt endoplasmatisk retikulum varierer mellom forskjellige celletypar.

Glatt ER

Det glatte nettverket er mellom anna involvert i oppbygging og omsetning av stoff som karbohydrat, feittsyrer, fosfolipid og kjønnshormon. Glatt ER i levercellene har enzym som bryt ned giftstoff frå for eksempel medisinar og rusmiddel. I mjølkekjertlar hos pattedyr går mjølkeproduksjonen føre seg i glatt ER. Konsentrasjonen av kalsiumion (Ca2+) blir òg regulert i glatt ER. Dette verkar mellom anna inn på muskelsamantrekningar.

Ru ER

Det kornete nettverket transporterer RNA frå cellekjernen og ut til ribosoma, sorterer og vidaresender protein frå ribosoma og fungerer i tillegg som lagringsplass for ulike stoff.

Ribosom på det kornete nettverket (ru ER) produserer mellom anna membranprotein og protein som skal brukast utanfor cella, slik som fordøyingsenzym og somme hormon.

Protein blir frakta rett frå ribosoma og inn i lumen (holrommet) på ru ER. Her blir sukkermolekyl festa på proteinet (glykosylering) slik at dei blir til glykoprotein. Sukkermolekyla fungerer som ein adresselapp. Proteina blir så sorterte, pakka i transportvesiklar (blærer) og sende til riktig adresse når dei blir skilde ut frå plasmanettverket.
Tegning av cellekjerne, plasmamembran og ribosomer i arbeid.Proteintranskripsjon på ru ER. Membranblærer (transportvesiklar) med protein blir sende frå plasmanettverket til golgiapparatet.    

Golgiapparatet

Mikroskopbilde av golgiapparat, som kan minne ol en tallerkenstabel.Golgiapparatet fungerer som pakkesentralen til cella. Protein som kjem i transportvesiklar frå ru ER, blir modifiserte, pakka og sende vidare til riktig adresse.Golgiapparatet består av flate membransekker (cisterner) som er stabla oppå kvarandre. Hovudoppgåvene til golgiapparatet er å ferdigstille protein (for eksempel enzym) og å sortere, pakke og transportere dei til riktig stad.

Vesiklar med nye protein frå ER smeltar kontinuerleg saman med membransekker i golgiapparatet. Proteina skal anten blir brukte i golgiapparatet, i andre organellar eller bli sende ut av cella. Golgiapparatet er òg stad for lagring av protein og for produksjon og frakt av komplekse polysakkarid (karbohydrat) som inngår i celleveggen.

I golgiapparatet blir proteina sende vidare i stabelen med membransekker mens dei får påkopla karbohydrat og fosfatgrupper. Dette gjer at dei blir falda til ein funksjonell struktur – klare til bruk. Les mer

Sterke enzym, som dei nedbrytande lysozyma, går gjennom ei etterbehandling i fleire lag (cisterner) før dei blir pakka klare i vesiklar som lysosom. Skjul


Protein som skal skiljast ut av cellene (sekresjon), blir avsnørte i vesiklar som seinare smeltar saman med cellemembranen slik at innhaldet kan tømmast på utsida ved eksocytose.

Oppgåver

Generelt

Relatert innhald

Fagstoff

Aktuelt stoff