Oppgåve: Drøfte

Økonomisk, kulturell og sosial kapital

Publisert: 25.09.2013, Oppdatert: 05.03.2017
Onkel Skrue

Omgrepet kapital er vi vande med å forbinde med pengar og materielle verdiar. Den franske sosiologen Pierre Bourdieu var særs oppteken av maktrelasjonar i samfunnet og utvida kapitalomgrepet med det han kalla sosial og kulturell kapital. Ifølgje Bourdieu disponerer enkeltmennesket over ulike kapitalformer. Desse kapitalformene gir individet tilgang til forskjellige samfunnsarenaer. Her skal vi sjå på kva desse kapitalformene kan innebere.

GAver Gåvetradisjonar

Gjester blir servert på restaurantGjestar blir serverte på restaurant 

AskeladdenOskeladden og prinsessa  

The Great GatsbyThe Great Gatsby  

Pierre Bourdieu

Pierre Bourdieu (1930–2002) kom frå enkle kår i Sør-Frankrike, men ved hjelp av stipend blei han teken opp på ein av eliteskulane i Paris. Han fann seg aldri heilt til rette blant samfunnseliten og dei besteborgarlege i hovudstaden. Verneplikta gjorde han i Algerie, som den gongen var fransk koloni. Opphaldet i Algerie strekte seg over fleire år, og Bourdieu gav seg i kast med etnografiske studium av ei berbisk folkegruppe i landet.

Heider og ære

Noko av det  Bourdieu festa seg ved hos berbarane, var systemet deira for å gi gåver og gjengåver. For å vite kva ei passande gåve og gjengåve skulle vere, måtte ein ha vakse opp i dette samfunnet. Ein utanforståande risikerte ofte å gjere feil. Bourdieu gjorde mange studium av dette, og fann at heider og ære var nært forbunde med økonomi.

Vi har tidlegare teke opp "feller" i interkulturell kommunikasjon, blant anna turisten som i Thailand kommenterer at smykket ei thailandsk kvinne har på seg, er vakkert, og eigaren av smykket kjenner seg bunden til å gi det til turisten. Andre døme er skandinaven som blir beden ut på restaurant av det franske vertskapet sitt, og insisterer på å betale sjølv, eller den vestlege gjesten som et opp all maten sin hos eit kinesisk vertskap, og så syner det seg at det er mange rettar. Vi ser det same i den gamle norske "nøye-kulturen", der gjesten gjentekne gonger blir beden om å forsyne seg. I alle døma dreier det seg om å vise gjestane at ein har rikeleg og er i stand til å by på det beste. Det er eit spørsmål om heider og ære.

Heideren og æra kalla Bourdieu for symbolsk kapital. Gåva eller gjestfridomen var forbunden med ære og skjulte den økonomiske karakteren som låg bak. Det er eit slags spel, men spelereglane i ulike kulturar er forskjellige og altfor kompliserte til at utanforståande utan vidare vil forstå dei.

Sosial posisjon

Frankrike var, og er, eit mykje meir klassedelt samfunn enn Noreg. I heimlandet blei Bourdieu oppteken av å studere dei skjulte maktstrukturane og sosiale posisjonane slik dei synte seg i blant anna bustadmarknaden, utdanningssystemet og familieforholda.

På grunnlag av studia både frå Algerie og Frankrike kom han til at den sosiale posisjonen den einskilde har, er avhengig av kva kapital vedkommande har.

 

  • Den økonomiske kapitalen er tilgangen til pengar og materiell rikdom.
  • Den kulturelle kapitalen blir opparbeidd gjennom oppvekst og utdanning. Det er symbolske gode som både har bruks- og bytteverdi. Eksempel på dette kan vere kunnskapar, språk og det å meistre sosiale kodar og regler for åtferd.
  •  Den kulturelle kapitalen kan bli omsett i sosial kapital ved at ein kan få tilgang til sosiale krinsar og nettverk som kan vere nyttige og opne dører.

Gjennom fødsel og oppvekst har ein opparbeidd seg desse tre kapitalane, og til saman utgjer dei individet sine ressursar og moglegheiter. Men Bourdieu la vekt på at ein òg kunne erverve seg desse kapitalformene seinare i livet. Oskepott og Oskeladden er nokre velkjende eksempel. Gjennom giftarmål med kongelege fekk dei ikkje berre auka den økonomiske kapitalen, men òg den kulturelle og sosiale kapitalen.

Moglegheiter og hinder

Kapitalformene inneber at sjølv om det kan virke som vi står overfor frie val og kan stake ut vår eigen veg i livet, så vil kapitalen vi har med oss, lage grenser for oss. Det er opplagt at den økonomiske kapitalen ofte kan hindre oss i å nå dei materielle måla våre, men kanskje ikkje så opplagt at vi kan mangle kulturell og sosial kapital til for eksempel å få vener innanfor miljø vi ønsker oss inn i, eller å komme inn på den skulen vi ønsker.

Jay Gatsby i Scott Fitzgeralds roman The Great Gatsby kan vere ein illustrasjon på korleis desse kapitalformene skaper moglegheiter og hinder. Romanen har 1920-åra i USA som bakteppe. Jay, som kjem frå enkle kår, forelskar seg vilt i den sofistikerte og rike Daisy Buchanan då han er heilt ung. Men på grunn av bakgrunnen hans, er ho heilt uoppnåeleg for han. Han blir manisk oppteken av henne, og med Daisy som mål byggjer han seg opp ein stor formue. Som nyrik kjøper han eit prangande hus på Long Island og held store festar for å tiltrekkje seg Daisy og venene hennar. Det gir han innpass i miljøet, men han blir aldri heilt godteken med dei "nye" pengane sine fordi han ikkje kjenner dei sosiale kodane godt nok.

Sosial kompetanse

Alt vi har hatt fått med oss i form av sosial kompetanse på grunnlag av oppveksten og sosialiseringa vår, kallar Bourdieu for habitus. Dette er korleis vi står fram for andre og for oss sjølve. Habitus speglar dei inste verdiane og haldningane våre. Dei sosiale omgjevnadene våre er avgjerande for kva haldningar og verdiar som blir internaliserte.

Oppgåver

  1. Forklar alle omgrepa med utheva skrift med dine eigne ord. Gi eitt eksempel på kvart omgrep.

  2. Viss vi skulle beskrive onkel Skrue med Bourdieus kapitalformer, er det vel lett å vere einige om at Pengebingen gir han høg økonomisk kapital. Men skåren på den kulturelle og sosiale vil vere ganske låg. Sjå på omtalen av kulturell og sosial kapital. Kvifor er han låg for onkel Skrue sin del?

  3. Det er nemnt nokre eksempel på "feil" vi gjer i interkulturell kommunikasjon, der økonomisk kapital symbolsk er forbunden med heider og ære. Har du fleire og andre eksempel? Har du sjølv hatt liknande opplevingar?

  4. Det blir snakka mykje om nettverk i dag og nytten av nettverk, for eksempel i samband med vener på sosiale medium. Korleis vil du knyte dette opp mot Bourdieus kapitalformer?

Lag fiktive personar med ulik kapital

Bourdieu kartla smaken i det borgarlege Paris på 1960-talet. Funna gav han ut i boka Distinksjonen (omsett til norsk i 1995). Noreg er ikkje eit særskilt klassedelt samfunn, men likevel er det kanskje nokre skiljeliner?

 

1. Lag dei fire personane:
Person 1 har høg økonomisk kapital, men liten sosial og kulturell kapital
Person 2 har låg økonomisk kapital, men stor kulturell og sosial kapital
Person 3 har høg økonomisk kapital og høg kulturell og sosial kapital
Person 4 har låg økonomisk kapital og låg kulturell og sosial kapital

 

Beskriv/lag for kvar av dei:

  • namnet deira

  • kor og korleis dei bur

  • livssyn

  • politisk syn

  • kven dei har omgang med

  • jobb

  • utdanning

  • inntekt

  • interesser og fritid

  • klessmak

  • kva dei les (om dei les)

  • musikksmak

  • matpreferansar

  • kva dei drikk

  • filmar dei liker

  • bil (om dei har bil)

  • saker dei er spesielt opptekne av

2. Presenter personane for kvarandre.


3. Drøft etterpå:

  1. Korleis skapte de personane?

  2. Kvifor opplever dei fleste at det er enkelt å skape personane? Brukte de stereotypiar? I så fall kva for stereotypiar?

  3. Var stereotypiane forbundne med fordommar?

  4. Har ein person med høg kulturell kapital også god interkulturell kompetanse?

  5. Sjå på kva som utgjer den kulturelle kapitalen hos personane de har skapt. Har de rangert noko som lågkulturelt (eksempelvis fotball) og noko som høgkulturelt (eksempelvis opera)? Diskuter kva høg og låg kulturell kapital eigentleg er. Blir de einige?