Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Teikning av P&ID

I desse oppgåvene skal du teikne P&ID (teknisk flytskjema).

Teikne P&ID med ein reguleringssløyfe

Du skal teikne eit P&ID for denne reguleringssløyfa:

  • I ein tank (T-1) er det eit utløp i botnen kor det heile tida renn litt væske ut (forbruk). Det er ein nivåmåling på tanken, og ein nivåregulator som justerer mengd væske inn i toppen av tanken ved hjelp av ein reguleringsventil.

Verktøy for teikning av P&ID (teknisk flytskjema i google drawing).

Teikne P&ID med mange reguleringssløyfer

Bruk teikninga du laga i forrige oppgåve som utgangspunkt for denne oppgåva. Du skal teikne eit P&ID for denne prosessen:

  • To tankar er kobla i serie (etter kvarandre). Nivået i den første tanken (T-1) regulerast ved hjelp av ein reguleringsventil på innløpet til denne tanken.
  • Innhaldet i tank T-1 blir varma opp ved hjelp av eit elektrisk element som er montert inne i tanken. Det er ein reguleringssløyfe for oppvarming av innhaldet i tanken.
  • På grunn av at innhaldet i tank T-1 blir varma opp kan trykt bli høgt. Det er difor montert ein reguleringsventil som slepp av trykket i toppen av tanken. Ein trykkmåling på tanken styrer denne ventilen.
  • Frå botn av tank T-1 pumpast det væska inn i toppen av tank T-2 (sentrifugalpumpe). Det er regulering av mengda for denne væskestrømmen.
  • Nivået i tank T-2 blir regulert ved hjelp av ein reguleringsventil i utløpet av tanken. Det er ingen regulering av temperaturen i denne tanken.
To tankar er kobla i serie (etter kvarandre). Nivået i den første tanken (T-1) regulerast ved hjelp av ein reguleringsventil på innløpet til denne tanken. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 01.10.2018

Læringsressursar

Piping and Instrumentation Diagram (P&ID)