Hopp til innhald

Fagstoff

Lokalt samarbeid

For å oppnå eit godt heilskapleg reiselivsprodukt må mange lokale aktørar bidra.
En turistbuss står parkert utenfor et hotell. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjensidig avhengig

I innleiinga til programfaget Etablering og drift såg vi korleis ulike bedrifter og ulike funksjonar saman utgjorde eit heilskapleg reiselivsprodukt. Dette at ein er gjensidig avhengig av kvarandre er noko av det som gjer reiselivet så spennande.

Vi kan nok bli ganske gode kvar for oss, men det er først når fleire reiselivsbedrifter samhandlar og kommuniserer tett at dei kan bli skikkeleg gode. Under dette kompetansemålet kan vi sjå meir på korleis ei slik samhandling kan fungere i praksis. Men først repeterer vi kjapt kva eit heilskapleg reiselivsprodukt er.

«Spleiselag»

Det heilskaplege reiselivsproduktet består av transport, overnatting, servering, oppleving og distribusjon.

Helhetlig reiselivsprodukt
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvar gjest kan prioritere ulikt mellom dei enkelte delane av reiselivsproduktet. Samtidig er det vanskeleg å utvikle ein god destinasjon, eller eit enkeltprodukt, utan at alle desse elementa held høg kvalitet og har ein kapasitet som er samstemt.

Vi kan også oppleve at enkelte av desse elementa lettare oppnår lønnsemd enn andre. Når slike tilbod eller tenester er viktige for nettopp heilskapen, er det ikkje uvanleg å finne fram til gode løysingar og tilbod i eit «spleiselag».

På dei neste sidene skal vi sjå nokre døme på korleis kollegaer i ulike bedrifter og bransjar samhandlar og kommuniserer i praksis. Vi tek utgangspunkt i transport, overnatting, servering, oppleving og distribusjon. Vi ser på kva som kjenneteiknar desse bransjane, og korleis dei som driv dei ulike tilboda, må handtere dei andre tilboda som saman utgjer eit heilskapleg reiselivsprodukt.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 19.12.2018

Læringsressursar

Det heilskaplege reiselivsproduktet