Hopp til innhald

Fagstoff

Prosessbeskriving

Simulatoren vi skal bruke, viser korleis vi kan styre konsentrasjonen av eit stoff som blir løyst i ei væske. Simulatoren viser ikkje ein ekte industriell prosess, men han viser problemstillingar som er vanlege i mange kjemiske prosessar.

Konsentrasjonen blir målt med eit instrument som blir dyppa ned i blandinga. I denne prosessen har operatøren moglegheit til å justere væskemengda inn i og ut av ein behaldar. Frå boksen som er merkt med ”Saft”, kan operatøren drysse ut det stoffet som skal løysast i væska. I tillegg til dette kan operatøren varme opp behaldaren slik at væska fordampar. Prøv sjølv!

Pådrag og utgangar i prosessen

Simulatoren vi bruker som eksempel her, kunne ha vore ein del av ein større industriprosess der den ferdige blandinga blei ført vidare til ein annan del av fabrikken. Slike små enkeltdelar av ein større prosess kallar vi einingsoperasjonar. Det er vanleg å teikne flytskjema for store industriprosessar som ei rekkje av slike einingsoperasjonar.

Ein einingsoperasjon er eit enkeltståande steg i ein prosess. For å kunne lage produktet ein ønskjer, må ein prosess som regel vere sett saman av mange einingsoperasjonar.

Flytskjema inneheld ikkje detaljar om korleis kvar enkelt einingsoperasjon fungerer, så vi skal her teikne ein annan type skjema som viser oss samanhengen i denne operasjonen. Dei tinga operatøren kan justere på i ein prosess, kallar vi pådrag. I vår vesle prosess har vi desse pådraga:

  • væske inn i behaldaren
  • væske ut av behaldaren
  • mengd faststoff som blir tilsett væska (”Løyst stoff”)
  • tilført energi i form av varme som gjer at væska fordampar

Pådragsendring

Når operatøren endrar eit av desse pådraga, kallar vi det ei pådragsendring. Slike pådrag som operatøren kan endre på, blir kalla ”regulerte”. I nokre tilfelle kan vi òg ha pådrag som operatøren ikkje har kontroll over.

Resultatet av endringane i pådraga er at kvaliteten på produktet endrar seg. I vårt tilfelle er produktet eit stoff som er løyst opp i ei væske, og vi kan sjå endringar i kvaliteten ved å måle konsentrasjonen av det faste stoffet.

I tillegg til at kvaliteten varierer, vil òg mengda med væske i behaldaren variere. Det er viktig å unngå at behaldaren går heilt tom eller renn over.

Dei tinga som endrar seg når vi gjer ei pådragsendring, kallar vi utgangar. I denne prosessen er det to utgangar:

  • konsentrasjonen av det faste stoffet
  • nivået i behaldaren

I figuren nedanfor er pådraga markerte med blå pilar, og utgangane er markerte med grøne pilar.

No har vi skaffa oss ei oversikt over pådrag og utgangar for prosessen, og vi kan setje opp eit enkelt skjema som viser denne samanhengen. Vi kallar slike skjema blokkdiagram.

Pådrag i ein prosess er dei tinga som vi kan endre på. Utgangar er dei tinga som forandrar seg når vi gjer pådragsendringar.

I somme prosessar er samanhengen mellom pådrag og utgang ganske enkel. Om du slepper inn meir bensin og luft i ein bensinmotor, får du meir kraft ut. Då er det blandinga av bensin og luft som er pådraget, og krafta er utgangen. I dei fleste prosessar er samanhengen mykje meir komplisert.

Samverknad

Kva skjer når du fyller på med væske i behaldaren? Det vil påverke begge utgangane: éin vil stige, og éin vil søkke. Prøv sjølv, og sjå kva utgang som stig, og kva som søkk.

Men effekten av at du fyller på med væske, er òg avhengig av kva som skjer med dei andre pådraga. Om du fyller på samtidig som noko av væska fordampar, vil det få ein annan effekt enn om du fyller på utan at det fordampar noko. Dette kallar vi samverknad.

Med samverknad meiner vi at ein utgang er avhengig av kombinasjonen av to eller fleire pådrag.

Dette høyrest kanskje litt komplisert ut, men det blir enklare å forstå når du jobbar med simulatoren på eiga hand.

CC BY-SASkrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 09.06.2018

Læringsressursar

Frå idé til ferdig produkt