Fagstoff

Cellekjerne, cytoplasma og cytoskjelett

Publisert: 18.09.2013, Oppdatert: 05.03.2017
Cellekjerner

Alle eukaryote celler har, med få unntak, éin cellekjerne – ein kommandosentral som forvaltar all informasjonen som skal til for å danne og drifte heile organismen. Kjernen er omgitt av cytoplasmaet med alle organellane. Det er desse som gjennomfører prosessane som blir sette i gang av signal frå cellekjernen. I cytoplasmaet finst òg fleire typar proteinstrukturar. Desse fungerer som eit dynamisk skjelett som gir styrke, form, transport og rørsle.

Modell av dyrecelle som viser at plasmanettverket har kontakt med åpninger i kjernemembranen.Dyrecelle. Sjå kontakten mellom plasmanettverket og kjernen.    

Arvestoff – omgrepsforklaringar (interaktiv). 

 

Tegnet kromosom som er utbrettet.Viss DNAet i cellekjernane våre (23 kromosompar) hadde vore utstrekt, ville det til saman vore to meter langt. I kjernen er den tynne DNA-tråden så kompakt pakka rundt små proteinkuler at han likevel får plass.         

 

Tegning av cellekjerne med membranporer, ribosomer og nukleolus.Cellekjerne med nukleolus. Muskelceller kan ha fleire cellekjernar, mens raude blodceller er kjernelause.   

Cellekjernen

Cellekjernen er informasjonssenteret som styrer aktivitetane til cellene. Kjernen er omgitt av ein dobbel kjernemembran med porer som kontrollerer transporten inn og ut av kjernen. Rommet mellom membranane står i kontakt med det kornete plasmanettverket (ru ER).

Arvestoffet

Kvar cellekjerne inneheld alt arvematerialet (DNAet) til heile organismen – genomet til organismen. DNA består av eit fint nettverk av tynne trådar som blir kalla kromatinKromatin er kombinasjonen av DNA og protein (histon) som utgjer innhaldet i ein cellekjerne. Ved celledeling er kromatinet pakka i tett struktur rundt histona. Mellom celledelingane er delar av kromatinet lauspakka slik at aktive gen enkelt kan bli transkriberte til mRNA. Kromatin tek lett til seg farge når mikroskoppreparat blir fargelagt.. Under celledelinga blir kromatintrådane pakka tett rundt små proteinkuler (histon) og blir til kompakte kromosom som er synlege i mikroskop. Talet på kromosom og mengda DNA varierer mykje frå art til art.

Proteinsyntesen. Illustrasjon.Transkripsjon (omsetting) frå DNA til mRNA. mRNA blir sendt ut til ribosom i cytoplasmaet der ”oppskrifta” blir brukt til å lage protein. Når cella skal produsere eit protein, må oppskrifta komme frå DNAet. Cella lagar då ein enkeltråda kopi av eitt gen i form av RNA. Denne kopieringa frå DNA til RNA blir kalla transkripsjon. RNAet er lite nok til at det slepp gjennom kjernemembranen og ut til cytoplasmaet, mens ”originalen” (DNAet) ligg trygt lagra inne i cellekjernen.

Nukleolus

Det finst ein eller fleire nukleoli i kjernen. I nukleolus blir ribosomalt RNA (rRNA) danna ut frå rRNA-gen som finst her. Ribosom består av rRNA og protein. Hos eukaryotar består ribosoma av to delar som blir frakta ut av kjernen og over til cytoplasmaet, der delane blir sette saman til ribosom. Ribosoma er dei organellane som driv proteinsyntese.

 

 

Mikrotubili i cytoplasmaet – eit dynamisk cytoskjelett.

 

 

Cytoskjelett i rørsle. Filmen er laga av bilete som er tekne kvart hundrede sekund. Utsnittet er 10 µm × 10 µm.    

 

Fluorecsent celle hvor cytoskjelettet vises tydelig.Cytoskjelett. Mikroskopbilete av ei celle i fluoriserande lys. Kjernen er farga blå, mikrotubili er grøne, og aktinfibrane er raude.     

Cytoplasma – geléaktig væske med organellar

Mikroskopbilde av et hvitt blodlegeme.Makrofag med mange lysosom i cytoplasmaet. Cytoplasmaet er ei geléaktig væske som fyller rommet mellom cellemembranen og kjernen. Cytoplasmaet omfattar òg alle organellar, slik som mitokondrium og ribosom.

Væska kallar vi cytosol, og ho består for det meste av vatn, oppløyste mineral (ion) og næringsstoff. Cytosol tek opp omtrent halvparten av volumet i cella, og her skjer mange viktige oppbyggings- og nedbrytingsprosessar.

Cytoskjelett (celleskjelett)

Flimmerhår i rørsle. Det er mikrotubili i cytoskjelettet som står for desse rørslene.Cytoplasmaet er spesielt rikt på protein som utgjer cytoskjelettet. Namnet skjelett kan gi inntrykk av ein rigid struktur, men cytoskjelettet er elastisk og svært dynamisk og blir kontinuerleg bygd opp og brote ned.

Cytoskjelettet hjelper cella til å halde på fasongen, gir mekanisk styrke og held organellane på plass eller flyttar dei. I tillegg tek delar av skjelettet (og sentriolane) del i splittinga av kromosoma under celledelinga.

Modell av proteinfiber i bevegelse.Modell av proteinfibrar i rørsle. Aktin og myosin – muskelrørsler.Cytoskjellettet sørgjer òg for at musklar kan trekkje seg saman, og at makrofagar kan bevege seg mot betennelsesstaden.

les meir

Celleskjelettet består av tre typar proteinfilamenter.
Farget mikroskopbilde som viser lange grønne fibre på blå bakgrunn.Mikrotubili – cytoskjelettMikrotubili dannar transportvegar inne i cella ved at såkalla motorprotein festar seg til mikrotubulirøyra og til elementa som skal fraktast.
Intermediære filament
gir styrke og har i hovudoppgåve å motstå strekk. Aktinfilament, som utgjer den største delen av cytoskjelettet, er viktige for forma og rørsla til cella (mellom anna muskelsamantrekningar).

skjul