Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nordmannen – den edle villmannen?

Eventyrarar og "edle villmenn" som Leiv Eriksson, Roald Amundsen og Lars Monsen er viktige ikon for det vi gjerne likar å tenkje på som typisk norsk.
Leiv Eriksson oppdager Nord Amerika. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Europeisk klimateori

Eit perspektiv på kva naturen har å seie for eit folkelag, er den såkalla "klimateorien". Heilt sidan antikken har ulike tenkjarar hevda at folkekarakteren og måten folk opptrer på, i stor grad er prega av naturen og klimaet dei lever i. Naturen verkar inn både på fysikk og psyke – han er med på å forme dei karaktereigenskapane eit folk har. Dette var tankar som inspirerte nasjonsbyggjarane på 1800-talet.

Lars Monsen med anorakk og hodelykt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den edle villmannen

Vi her langt oppe i nord vert sette på som nokre hardhausar. På grunn av barsk natur og mykje kulde lever vi lenger og er fysisk sterkare enn folk lenger sør. Derfor har vi også meir sjølvtillit, hevda klimateoretikarane.

Slik kunne nordmenn framstå som ideal for det Rousseau kalla "den edle villmannen" – det barske og urørte naturmennesket. Naturen varti derfor sentral i tenkinga om kva som er typisk norsk.

Oppgåve 1

Les eitt eller fleire av desse dikta:

Ved Rondane

Blant alle lande

Nordmannen

Jobb med desse spørsmåla:

  1. Kva for landskap vert framstilt i dikta?
  2. Korleis blir naturen framstilt i dikta?
  3. Kva for plussord, eller positivt ladde ord, finn du om naturen her? Fungerer dette nasjonsbyggjande?
  4. Dersom det er menneske med i dikta, korleis er samspelet mellom menneska og naturen? Fungerer skildringane av samspelet mellom menneska og naturen nasjonsbyggjande?

Desse oppgåvene kan du jobbe med individuelt og skriftleg, du kan lage eit foredrag om eitt eller fleire dikt, eller du kan jobbe med spørsmåla i gruppe.

Oppgåve 2

Sjå reklamefilmen frå Aker Solution: Made by Norway

  1. Kva vil du seie blir presentert som typisk norsk i “Made by Norway”-reklamen?
  2. Korleis blir naturen skildra?
  3. Og korleis blir den typiske nordmannen, og forholdet hans til naturen, skildra?

Relatert innhald

Ivar Aasen sitt dikt Nordmannen har mange nasjonalpatriotiske trekk. Men det er arbeidet og slitet til nordmannen som står i sentrum her.

CC BY-NC-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2021

Læringsressursar

Naturen og mennesket