Oppgåve

Oppdrag 2: Du – ein folkeminnesamlar

Publisert: 18.09.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Ungdommer som sitter i en trapp  

Du skal lage, utføre og presentere ei undersøking om vandrehistorier, det vil seie ei moderne segn.

 

Ei vandrehistorie har ofte ei form som: "Ei venninne av ein kollega av kusina mi fortalde meg ei skrekkeleg historie ..." Eller: "No skal du høyre kva tanta til naboen min opplevde ..." Det vil seie, avsendar er namngitt. Det skal jo verke truverdig. Men det er ein rimelig diffus person som er ukjend for den personen som fortel historia til deg.

 

Bruk andre elevar i klassen, folk på gata, vener, foreldre eller andre som informantar.

 

Spørsmål du kan stille, er:

  • Kjenner du til nokre vandrehistorier?
  • Har du høyrt nokre historier som du synest er så utrulege/usannsynlege/skrekkelege at du ikkje heilt trur på dei – men som du likevel lurer på om er (litt) sanne?

Korleis jobbe med historiene?

  • Deretter får du dei til å fortelje historia for deg.
  • Skriv ho ned og ta ho med til klassen.

Diskuter til slutt:

  • Kva handlar desse tekstane om?
  • Kva er ein redd for i tekstane? Kva er vondt i tekstane?
  • Er det nokre heltar med i forteljingane? Kva for eigenskapar har dei?
  • Kan tekstane seie noko om verdisynet til oss som bur i Noreg i dag?
Relatert innhald

Generelt