Oppgåve

Finn moralen i segna

Publisert: 18.09.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Ungjenta med kuhalen

Huldra er ifølgje norsk folketru eit kvinneleg vette eller ein underjordisk skapnad som bur i haugane, men kan vise seg som ei vakker ungjente.

I denne videoforteljinga får vi høyre om huldra og eigenskapane hennar, om korleis dei underjordiske bur, og kva ein skal gjere for å ta makta frå henne.

Oppgåver

Sjå videoforteljinga om huldra og les den tradisjonelle segna Jostedalsrypa (relatert tekst). Les også den moderne segna Voldtektsmenn som bruker Progesterex.

 

  • Kva er det som skremmer i tekstane?
  • Er det ein moral i tekstane? Kva trur du tekstane vil at vi skal lære? Kva skal vi passe oss for? Diskuter i grupper.
  • Er det noko typisk norsk/nordisk ved nokre av desse tekstane? I så fall kva?
  • Kva fortel desse tekstane om kva vi nordmenn var redde for før – og kva vi er redde for no? Diskuter i grupper.
Relatert innhald