Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Finn ”det norske” i eventyret

Vi ser på eventyra våre som særnorske, men dei er faktisk ein del av ein større felleskultur. Mange norske eventyr har parallellar i til dømes arabiske, tyske og indiske eventyr.
Kvern på havbunn
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nasjonal forankring og nasjonale heltar

Eventyra har likevel ein nasjonal karakter. Dei speglar av eit norsk miljø. Handlinga er tilpassa norsk natur og kultur. I britiske eventyr slåst helten mot dragar, men i norske eventyr er det trollet som skal til pers. Og medan Aladdin vinn over dei førti røvarane i ørkenen, må Askeladden kjempe mot ulike farar i skogen.

Eigenskapane som gjer ein helt til helt, kan også vere prega av nasjonale ideal. Tenk på det neste gong du les eit norsk folkeeventyr. Kva for eigenskapar har helten? Er dette eigenskapar som vert sett på som gode i kulturen vår?

Oppgåve

Samanlikn eit norsk og eit vietnamesisk folkeeventyr.

Les teksten "Kvernen som står og maler på havsens bunn"

  • Finn element i teksten som er særskilt norske. Leit etter landskap, miljø, karakterar, eigenskapar, mat, rekvisittar, eller andre kulturuttrykk.

Les deretter teksten "Hvorfor havet er salt"

  • Finn trekk i teksten du meiner er ikkje-norske eller framande for norsk kultur.
  • Finn så trekk i teksten som du meiner liknar på det norske eventyret.
  • Lag lister over det du meiner er typisk norske, og det du meiner er typisk vietnamesiske trekk i tekstane.
  • Drøft: Er det berre forma på eventyra som er tilpassa den kulturen dei er vortne fortalde i, eller er også moralen ulik?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2019

Læringsressursar

Folkedikting